tysdag 30. august 2016

Om å kjenne att Sunndalen i Italia.

Bloggen blir ikkje bruka så mykje lenger, så da får det heller bli som ein rein reiseblogg.
For meg var vel bussturen til Italia mest å betrakte som eit overgangsrituale frå lærar/bonde til bonde på heiltid. Pensonist?  - Å nei da.
 Vi var lengst ved Riva del Garda attmed Gardasjoen i Nord-Italia.  Eit område med eit sterkt jordbruk og landbruksjorda er godt utnytta. Denne dalen med Alpene/Dolomittene i bakbrunnen er svært typisk for Nord-Italia.

Det var ganske mykje som minte om Sunndalen og meir skulle det bli.  Bratte fjell og flatt under fjella. Om kvelden kunne vi sjå to lys oppe i den bratte fjellsida.  Det var ei borg(nederste lyset) og nesten 600m oppe i den bratte fjellsida vart det eit kapell.  Sidan eg har sitte ganske lenge i buss var det godt å få på seg joggeskoa og bevege seg litt - så fekk Cecilie også handle i fred.

Her ser vi ein veg som går i svært bratt fjell frå Riva til ein nabolandsby.  Som Oppdølsstranda?
Oppe i den bratte fjellsida gjekk det store rør nedover til kraftverket.  Nesten som øra og "Korea".  Det var anleggsarbeidarane som hadde bygd kapellet.  Da eg begynte på dei bratte stiane forstod eg fort at kapellet heitte St. Barbara. 


 Over ser vi alteret i kapellet. Nedanfor fekk eg ein annan turist til å ta bilete av meg framfor kapellet Santa Barbara.

 Utsikt mot byen frå kapellet.

 Det vart ikkje mindre heimekjent når eg kunne lese "Hydro" på porten av ein tunnel som gjekk inn i fjellet attmed kapellet.
Dette er frå Borga lengre nede i lia.  Utsikt frå borga gjennom eit fengselsvindu.


Ingen kommentarer: