søndag 19. september 2010

Historisk dag.

For den som leitar etter historiske situasjonar, så kan ein stadig finne dei. Dette var første gongen Cecilie har vore med meg for å ta opp garn. Det er ikkje trygt at gamle menn gjer slikt åleine. Forresten ikkje så ofte eg set garn heller da. (Dette biletet er teke med telefonen)
Vi fekk sei, pigghå og lyr. Det skal bli til fiskepudding. Men vi fekk også ein som hadde form som ein makrell, men det var mykje som ikkje stemte. Eg har sendt etterlysning på face-book om nokon veit noko om denne. Ut frå ei fiskebok må det vere"tagg-makrell", og er visst sjeldan i Midt-Norge. John Gudmund har allerede svart på fjes-boka og meiner det kan vere ein fisk. Kanskje har han rett. Vil gjerne ha fleire tips eller erfaringar med denne fisken.
Vi har vel ikkje hatt ein historisk dag i dag, men ein kjekk tur. Vi gjekk til "hytta" og hadde med kokeapparat + suppepose, pølsebitar og kokekaffe. Siste biten skulle eg gå fort for å gjere ferdig suppa til frua, men ho er så sprek at suppa var knapt halvferdig da ho kom etter.

Til ettertanke: Er alderdomen grå, trist, knudrete eller rett og slett vakker?

fredag 10. september 2010

Dåp i Malm.

29.august vart Signe Elise døpt i Malm kirke. Vi fekk også kome til eit hus som var så nytt at det ikkje var heilt ferdig ein gong. Dåp i Malm kirke. Eiliv og Cecilie lagar show for kvarandre og dei som sit rundt.

Her kjem ein serie med bilete sett saman med programmet "Photo-Story" og med tilsatt svært velbrukt musikk.


Smøla.

Før skulestart tok vi ein campingtur ut til havgapet. Smøla har ein blanda "natur", og så kan det vere ulike meiningar om monstermaster på Smøla og i Hardanger. Vi gjekk i alle fall tur i vindmølleparken.


Her er vi komne fram til vindmølle 1. Der fann vi bl.a. ein flott edderkopp.
Ved vindmølle 49 var det trimpost.

Er dei elegante eller stygge?

Fiskarkjerringa på Veidholmen.
Kvile på vinden ved Veiholmen.
Mat ved campingvogna på Hopen.
Seglemerket på ein av Smølas høgaste fjelltoppar.

På Hopen var det berre gangavstand til gudsteneste på søndag.
Kunstverk i havgapet på Hopen. Forholdsvis barnevennleg puslespill berre barna får hjelp til å løfte bitane.

tysdag 7. september 2010

Videoklipp frå sommaren.

Denne gongen har eg hatt mange førsøk før det gjekk å få inn desse 3 videosnuttane frå sommaren. Den første har standard musikk frå lageret, men dei 2 neste er ledsaga av sommarens hit: "snikkelora."

Her kjem eit lite vdeoklipp frå sommaren med baking.

Så kjem det eit glimt frå sandkassen + lokale dyr og musikken Snikkelora 1.

Vi fekk mange hyggelege opplevingar på Flæsa, og dette blir ledsaga av Snikkelora 2.

søndag 5. september 2010

Sommar i Nistua.

Når sommaren kjem ser vi fram til å få besøk, og dei som kjem vil gjerne kome når dei andre kjem. I år låg det til rette for at det store innrykket kom i august. No er det tid til å sjå tilbake på sommaren 2010. Vermeldingane var ikkje så gode, men det har da ikkje noko å seie når det blir finver likevel.
Signe hadde vi sett på fødeavdelinga på Levanger sjukehuset (også innlegg på bloggen), men ho har vokse mykje på 2 mnd.
Å lese bok er ein gjensidig kjekk aktivitet for bestemor, Jona og Eldbjørg.
Sommar er også tid for å lage litt show for barn i alle aldrar.
No kjem ein fotomontasje med kvart barnebarn.





Med alt utstyret i Cecilies sykrok er det ikkje så rart at diverse aktivitetar får ufalde seg. Det vart også eit flott resultat.

Nokon kjørte og andre fekk sitte på. Fordelinga går ikkje alltid etter alder.


Barne-TV.

Sandkassen var mykje i bruk.

Kjekt med ei hjelpande hand frå store-fetter.
Heile gjengen i sofaen.
Det vart fleire turar på Flæsa med svartkjel og svele-steiking.


Nokon ville like gjerna ha havre-fras.

laurdag 4. september 2010

Ny konebil.

Det har kome ny konebil til familien. Forskjellen mellom konebilen: Nissan og bilen til sjølvaste herren i huset, ein Toyota Starlet 1993( i bakgrunnen) blir stadig større