onsdag 26. januar 2011

Basarbok på nettet. -Fristen er ute!

FRISTEN ER UTE! Prøv igjen neste år.
Fredag 4.februar er det Misjonsauksjon i Ålvundfjord med tradisjon tilbake til 1867. Vi har også basarbøker. Vi pleier ikkje å "gå på bygda" med basarbøkene, men det ligg basarbok på Joker. No prøver vi å selge lodd på nettet i tillegg. Starta på face-book for to dagar sidan og det gav også respons.

Drøppingstranda må vere ein bra plass for produksjon av bruksvennleg kunst. Aud Annbjørg har strikka 4 sett med klede til dokka babyborn boy. Cecilie kjører stadig symaskin og har produsert denne løparen til basarboka. Løparen er på 35 x 91 cm.
I tillegg er det ein kolonialkasse som kundane på Joker Ålvundfjord ordnar. Det er også der basarboka ligg. Tilbudet på nettet er altså å sende pengar(10,- pr lodd) til konto 40350845552.
Dette må gjerast innan 3.februar. Kan ikkje love å sende gevinst i posten, men vi får prøve å finne ei ordning for overlevering.

søndag 23. januar 2011

Sjekk av eigen popularitet.

Når vi først vel å blogge så ønsker vi sjølvsagt at fleire les det vi skriv. Vår eigen "tellar" fortel at vi har hatt 15160 besøk sidan 1.febr 2007. Det er omlag 10 pr. dag. Det må vi seie oss fornøyd med. Men elles er det mykje nyttig å hente frå Google Analytics. Dei har berre omlag ein tredjedel av tala så eg veit ikkje kva dei legg til grunn. Kanskje dei vel ut ein del, men innbyrdes kan tala i alle fall samnliknast. Da får vi bl.a vite at vi hadde besøk frå 53 land i 2010. Auke på 700% i Danmark der vi auka frå 1 til 8, 300% i Russland, men ein auke på 52% i Norge må reknast som seriøst positiv.
Google kan også fortelje om fordeling i Norge sidan oppstarten. Det er naturleg at Sunndal ledar med 991. Elles: Oslo 504, Drammen 340, Molde 296, Bergen 264, Steinkjer 259, Ålesund 241, Trondheim 224, Sørumsand 200, Moss 140, Andre med høge tal: Sandnes, Leira, Bryne og Haugesund. For nokre av dei plassane lurar vi verkeleg på kven det kan vere som "tittar på oss". Vi er positive til at mange ser på oss, men skulle gjerne ønske at fleire legg igjen "ein kommentar". Vi bit ikkje.
Men elles har jo Cecilie i det siste svinga seg opp med "lappeblogg" og der ser det ut til at markedet er langt større blant dei som er hekta på stoff. Og stoffinteressen kjenner ingen landegrenser. Eg var med og hjalp til slik at at ho med støtte i Google translate fekk oversatt ein kommentar på italiensk!

fredag 21. januar 2011

Anna, jul og januar.

Vi kan sjå tilbake på ei roleg jul med pinnekjøtt på julaften.
Anna med foreldre var innom og sjarmerte oss nokre gonger. Emma og John Gudmund var på besøk og avleverte Sjamal til barnevaktene, men dei vart ikkje fotograferte.
Det vart visst ikkje så mange foto av Anna heller, men her er ho knipsa med mobiltelefon. Antennenne ligg ganske lågt. Når hesten legg ned ørene er det eit dårleg teikn, men Anna ser også blid ut med senka antenner.

Her er ho trygg hos mamma og pappa.

Bestemor var barnevakt samtidig som ho laga middag. Her blir Anna ikkje tilberedt, men ho studerer i alle fall adventstaken som står bak gardinene oppå kjøkkenbenken. Marie og Nils Ingar var ute i hagen og planla nye angrep på busker og tre. Det vart litt for lite fotografering med dåpskjole i sjølve dåpen, så her er det litt ekstafotografering i jula.
Anna sjarmerer i alle fall 2 besteforeldre + dei to andre som ikkje var med på bilete denne gongen.