tysdag 11. august 2015

Røros og utescener.

Turen fredag 7.aug begynte med utescena på Steinvikholmen. Her er det opera om Olav Engebregtson som blir framført. Forfattar Edvard Hoem og komponist Henning Sommero kan reknast som våre eigne.  Denne operaoppsetninga skulle kombinerast med feiring av 41 års bryllupsdag - litt på forskudd. Men så balla det på seg med mykje frå Røros.
 Det er fint med opera ute etter solnedgang. Sola blir erstatta av flomlys som er lettare å styre.

 Av og til blir det berre noko rart. Denne gongen balla det også på seg med litt speielle stolar. Her var ryggstø og stol elles spesielt store. Dette var på Scandic Hell hotell.
 Røros med si særegne historie og byggestil er det alltid kjekt å besøke. Det er ikkje for ingenting at dei er på verdsarvlista.


 Framsyninga av forestillinga "Elden" ved slagghaugane var også ei stor oppleving. Dette handlar om året 1718 da svenskane angrep Trondheim og Røros, og viser først og fremst det meiningslause med krig. Denne forestillinga starta kl. 21.30 og varte til over midnatt. Vi var heldige som fekk ophaldsver. Dagen før regna det.
 Vi fekk også med oss besøk i Olavsgruva. Dette er både ei gamal gruve frå 1600-talet og den som heldt på fram til slutten i 1977. Vi gjekk 1 km inne i fjellet.
 Her kunne vi også sjå på stolar. Dette er moderne kvilestolar på pauserommet i gruva frå 1950-talet.

 ..... og så kjem det nokre foto som viser at gruvegangane også har fine fargar og motiv.


 Ute i dagen var det igjen tid for å sette seg ned. Det går fint når Cecilie har med sin medbrakte stol.
Det var også muleg å finne seg ein bra sitteplass ved Vauldalen fjellstue ved svenskegrensa. Og når vi først var ved grensa måtte vi jo også gjere dette til ein utanlandstur.

 Ved Funäsdalen tok vi oss ein tur til fjells med gondol, pluss at vi gjekk eit lite stykke.

 Her var det også muleg å kvile på ein stol, men denne var både hard og spesiell.
 For nokon av oss som var interesssert i geografi i den gamle folkeskolen på 60-talet sit "Aursunden" spikra. Det er her Glomma, Norges lengste/største elv startar her. Det var ikkje så lett å få nærbilde pga av skogen. ..... og for nokon av oss var dette heilt utan nostalgiske minne, men spritstensilane blir hugsa......


Og så avslutta vi ved sparken på Tynset. Det gjekk greit å klatre opp. .....nedturen kunne godt vore filma...... og det var vel nokon som såg det.

onsdag 25. mars 2015

Tur til Trolltind.

Laurdag 21.mars vart ein evetyrleg fin dag. Da måtte eg berre rive meg laus frå saukløpping og gjekk ein tur til Trolltind. Både ver og føre var heilt topp. Lang stopp med matpakke i solhellinga og puddersnø.
Det var nysnø, men dette viser at eg ikkje var her åleine den dagen.  Men det var likevel litt interessant at eg var åleine utan randoneski. Det fine med å gå frå Jordalsgrenda er at det går an å kjøre bil så høgt at det er greit å ta på seg skiene ved bilen.

Det mest interessante på ein litt uvant plass er å sjå heimover der eg pleier å gå. Her ser vi mot Ålvundeid. F.v. Stortuva(ser ho nesten ikkje), Botnnebba, Nordviksula + Litj-Sulå, Rambjøra, Grånebba, Mohaugen, Grøvelnebba, Dronninga o.sv. 

 Her går kraflinja oppover mot Romsdalsskaret.

 På toppen av Trolltind. Eg har såpass med høgdeskrekk at eg gjekk på kne fram til postkassen og skreiv namnet mitt. Samtidig lar eg meg fascinere av slike toppar.

fredag 20. mars 2015

Verdsarven i eige fylke. Geiranger.

Ja, vi har vore i Geiranger før, men stort sett som bilturistar. Denne gongen starta det med at vi var på fylkesårsmøtet i KrF fredag 13.-laurdag 14.mars. Men da valgte vi å fortsette som fotturistar laurdag ettermiddag, og var verande på hotel Union til søndag.
Det er kanskje andre parti som er meir kjent for "Soria Moria", men nede i dalen ser det det i alle fall fristande å kome seg opp til sola.
 Sjølv om det var fine vegar som førte oss oppover den bratte lia, ser vi at alt ikkje blir rydda unna i verdsarvmiljøet heller.
 Sprek dame på flotte steinheller.

 Her ser vi ned på hotel Union der vi bur.
Her kjem vi opp på eit småbruk som ligg rett opp for hotellet. Ville fjell og kulturlandskap hand i hand er noko av særpreget i Geiranger.

 Utsiktspunkt der vi ser utover mot Ørnefjellsvegen, og ned mot hotellet.

Her var det så høgt og luftig at eg tok dette biletet med telelinse.
 Vi kan gjere oss mange tankar om dagens turistar og slitet hos dei som laga dette kulturlandskapet. Restar av fleire typar hesjer.

 Dronninga i kongerommet.
 I kjellaren på hotellet er det ei flott utstilling av bilar som har vore bruka til frakting av turistar. I tillegg var det ei god historisk framstilling av bygginga av vegen over til Grotli i perioden 1881 til 1889. Men turisttrafikken med store båtar var stor allerede midt på 1800-talet. At sjøen var ei viktig transportåre forstår vi bl.a. når vi får vite at den einaste vegen som er open om vinteren, Ørnefjellsvegen, ikkje vart bygd før i 1954.

 Søndag morgon. Frå hotellet kan vi sjå opp mot utsiktspunktet der vi var dagen før.
I løpet av natta har det det også kome eit cruiseskip inn til Geiranger. Vi ser over mot utsiktspunktet der vi var dagen før.
Klare til å fortlate Geiranger for denne gong, men vi kjem nok tilbake. Ørnesvingen med utsikt mot Geiranger der Cecilie står svært så avslappa. Det siste biletet tok Cecilie som bevis på at eg torde å stå utpå kanten der. Men eg held meg godt fast i rekkverket.

tysdag 3. mars 2015

Madeira og Canariøyene.

Ser at mini-cruise var forige innlegg, men no vart det eit litt større cruise i feiringa av vår 40 års bryllupsdag. Vi var borte 14.-21.febr 2015. Reiste frå Værnes. Det betyr nok også at bloggen ser ut til å bli ein ferie-tur-blogg, og facebook tek meir over dei mindre innslaga.

 
Vi gjekk ombord på MSC Armonia på Gran Canaria som 2 av 2600 andre passajerar. Det var sært få nordmenn.
 På øya Fuerteventura var vi med på ein busstur til eit spennande kystlandskap.
 Det blir ofte litt kø når det kjem to bussar med turisar.
 Eit lite kikkehol.
 Spennande landskap det vegane klorer seg fast i fjellsidene.
 Cecilie plukka gjerne blomsterbukkettar. 
 På Madeira var vi på ny busstur i enda brattare landskap. Her har bussen kjørt opp til 1000m høgde og vi ser ned på ein landsby nede i Nonnenes dal.
 Gondolbane frå Funchal - hovudstaden på Madeira.
 Dette var også tid for å oppleve karneval på Madeira.  Vi såg også eit flott karneval i Las Palmas.
 Litt av folkehavet under karnevalet på Madeira.
 Cecilie saman med ein av kjendisane påMadeira - Christoffer Columbus.  Men Cecilie nekta på å la seg fotografere i lag med statuen av ein litt meir moderne kjendis og fotballspelar: Ronaldo.
 Til gjengjeld smilte ho svært så breitt da vi fann denne stoffbutikken - men så er det vektgrensene da. Så ho nøyde seg stort sett med blondar og bånd.
 Frå ein park i Funchal.

 På Tennerife vart det ein dag ekstra fordi båten ikkje klarte å legge til på La Palma p.g.a sterk vind. Ekstradagen brukte vi til å reise på andre sida av øya. Vi tok buss frå Sana Cruz til Puerto de la Cruz. Her såg vi mange spennande dyr i Loro park, bl.a kvit tiger og mange papegøyer.
Til slutt kjem ein film med delfinar og spekkhoggarar i den same parken.