onsdag 26. desember 2012

Flæsa eit år etter Dagmar.

I dag, på andre juledag 2012, er det eit år sidan Dagmar herja rundt omkring her.  Dette er først og fremst eit innlegg for å vise forandringane for dei som allerede er lokalkjente.  Dei sore forandringane kom tydelegare fram etter at hogsmaskine no i haust var her og rydda etter stormen.   
 Frå Skarvhammaren kan vi no sjå ned på Flæsa slik vi gjorde i min barndom. I mellomtida har det vore tett granskog her.
 Her er vi midt i Flæsabakken og ser ned på Flæsa. Vi ser nausta i bakgrunnen.
 Her ved telofonstolpe nr. 10 stod vi og sette på oss ringane nyttårsaften 1972. No heng resten av stolpen og svevar i lause lufta, og telefonledninga ligg enda på bakken fleire plassar.
 Utsikt frå nausta opp mot Skarvhammaren.
 Sett frå det ytterste Flæsaberget. Utsikt i same retning.
Her ser vi frå Flæsa ut mot Vikan. Her er også store granskogar borte.

tysdag 25. desember 2012

Julemat, duppedings og drømmedame.

 Det er jo med høgtid eg ordnar pinnekjøttet kvart år. Resultatet vart bra i år også. Når ho som sit her seier at mitt er det beste, jå så er jo det heilt topp.  Kanskje fordi det smakar godt fjellgras eller at det er noko med stellet sauene får, slaktinga, saltlaken eller sjølve steikinga.  Eg tykkjer forresten at sjølve steikinga manglar litt når eg smakar pinnekjøtt andre plassar. (f.eks på julebord) Det er mykje snakk om sprø svor på ribba. Men etter mi meining er ei god steiking etter lang koking også viktig på pinnekjøtt.
 Nærbilete av pinnekjøttet på fatet på julaften.
 Kona mi ønsker seg stadig duppedingsar til jul og no var ho ganske klar til å gje meg ein duppedings innan data/telefoni som eg meiner eg ikkje treng.  Med litt tips var vi klar for å gje ei gåve frå kvarandre til kvarandre som stiller kravet til ein god duppedings.  Skikkeleg unyttig kan det truleg seiast at det er, men viss latskapen verkeleg skal få boltre seg så......  Kva med å sjå på at det blir støvsuga, medan du sjølv sit i godstolen.  Kor mykje som bør gjerast med stolflytting, tilpassing av soner o.l. er vi så heldige at vi ikkje har funne ut enda. Vi lever berre i draumen........ Og her er vidunderet i aktivitet.........
Utroleg kor fort katten tilpassar seg siuasjonen. Han forstår nok at den skumle greia er bunde av tyngdekrafta og held seg på golvet.
 Men vi skal da ha meir mat også. Dei fleste vel pinnekjøtt eller ribbe, og nokon vel begge delar. 1.juledag kunne eg servere ribbe med skikkeleg sprø svor.
Og når det attpå til kan etast i lag med drømmedama, så ................