fredag 29. april 2011

Påskeferie med bonderomantikk.

Denne påska hadde vi besøk av alle våre barnebarn + ein del foreldre.  Sidan påska kom så seint i år var det også ferie med lamming, og det var ein flott kombinasjon.
Her ser vi Signe og Marit.
Nedanfor ser vi Cecilie i dyp konsentrasjon, medan Anna og Nils Ingar ser på.

Det er sjeldan at sauene lammar med så mange tilskuarar.
Traktoren er eit greit leiketøy for fleire generasjonar.
Marie og Anna.
Eit lite minus var at påskeviruset også gjesta ein del av oss.
Her er det Cecilie som matar lam og Eldbjørg ser på.
No får lamma hol i ørene, men det er da greit for det har også mamma og bestemor.
Heile tre gonger var vi på Flæsa og stekte sveler.
John Gudmund fiksa også sandkassen etter brøyting i vinter og her er det Eiliv og Jona som leikar med bilar.
Cecilie i aksjon.
Anna er det minste barnebarnet.
Bestemor les bok om kvelden, og det ser da ut til at lesinga har sin virkning.
Nedanfor kjem ein serie med bilete frå Flæsa der vi bl.a leita etter påskeegg.  Reint teknsisk er denne laga med picasa.  Det betyr film utan panorering, så eg går vel kanskje heller tilbake til å bruke photostory.

torsdag 21. april 2011

Bonde med tilskuarar.

Sein påske betyr kombinasjon av påskeferie og lamming.  I år betyr det også barnebarn som gjerne vil sjå på nyfødde lam.  Men i første omgang er det greit at bestefar held lammet.

måndag 11. april 2011

Om å kjempe seg til vår i staden for å vente.

 Snøklokkene kjempar seg opp gjennom snøen.  Akkurat her er det heller ikkje berre vanleg snø. Det ligg snøhaugar som kjem ned frå taket. Men dei veks opp gjennom snøen. Korleis veit dei eigentleg at det fins vår og sol der oppe?

Det er rett og slett noko Ceciliansk over desse snøklokkene.  Eg trur ikkje dei likar snøen, men likevel vel dei å bruke tid og krefter på å kjempe seg gjennom snøen.  Dei brukar gjerne store krefter på å overvinne snøen i staden for å ligge roleg og vente.
 Eller likar ho snøen likevel ------- berre at ho ikkje vil innrømme det.
 Dei andre bileta er tekne for nokre dagar sidan.  Dette biletet er teke i dag, 11. april.  Hadde snøklokkene venta til i dag kunne dei altså ha kome opp lett og enkelt utan kamp.