søndag 24. juni 2007

Uheldig med jobben? -ei gåte.


Det er kanskje litt dårleg gjort å henge ut vanlege arbeidsfolk som gjer så kan dei kan, men sidan eg ikkje veit kven eg ev. heng ut. -så la gå. Eg fann dette litt tilfeldig på startsiden.no som vi brukar som startside.

Inspirert av Håvard sine gåter får eg også henge med? Kva er det som ikkje er så lurt her?

torsdag 21. juni 2007

Det gode liv.



Det er enkelte dagar som viser at vi bur i ferieparadiset. Det er ikkje ein plass vi må reise til. Denne dagen startar med hyggeleg frokost på verandaen. Katta som er stengt ute prøver å bli med via vinduet på soverommet.

Så fortset dagen med fjelltur og suppekoking.


For samanhengen si skuld kan vi vise dette biletet for her ser vi over mot arboretet og turen som vi skreiv om på bloggen tidlegare i juni.

Langryggen med Storsteinen. Catharina fann visst ut at han ikkje var så stor lenger. Før var han minst dobbelt så høg som ho.











Vardhaugen med utsikt utover Ålvundfjorden og Stangvikfjorden. Nedanfor er det utsikt mot Strengen. Kan også fortelle at vi var her på skuletur. Eg har lagt ut bilete frå den turen på heimesida til Ålvundfjord skule. (link her på bloggen)









Dagen vart avslutta med eit bad i fjorden. Kan røpe at vi gjorde noko så uvanleg som å kjøre bil ned på Flæsa. Men bada gjorde vi i alle fall. Solnedgangen, utsikten, vatnet, kona og det heile var heilt vidunderleg.

måndag 4. juni 2007

Ny tur til Svinvik Arboret.

Søndag (3.juni) hadde vi ein ny tur til Svinvik Arboret. No fekk vi graut og bakels. (Sist søndag var vi lova det viss vi ringte før vi kom, men det vart graut og bakels sjølv om vi ikkje ringte) Dessutan fekk vi testa gamalvegen til Todalen som går i slyng opp til Gjeldnes. Det er over 40 år sidan eg gjekk her sist. Dette er ein fin spasertur med idyllisk trim for dei som kjem til "Nistua gardsferie." Fleire sjansar til å gjere turen kort eller lang etter ønske.













I bakgrunnen her ser vi heim. Vi ser elles ned på hovudgarden Svinvik. Arboretet er frådelt denne garden.

Siste biletet viser at vi har kjøpt enda ein rodedendron til hagen, og er dessutan bevis på at vi reiste med båt denne gongen.