søndag 28. august 2011

Flytting i Bergen.

I overgangen juli august skulle fam Sirnes flytte, og vi var nedover ei langhelg for å hjelpe til.  På fredagen hadde vi tur til Akvariet saman med Cecilie og Jona slik at foreldrene kunne pakke mest muleg.
 Flott fontene.
 Belgiske vaflar fall i smak.
 Det var karpefiskar både i eit lite innandørs basseng, og i eit større utandørs.

 Her er det full flyttesjau saman med Eivind og Knut.
 Her står flyttebilen utanfor det nye huset.
 Stua.
Stort romsleg kjøkken.
 I ein flyttesjau må det også vere tid til å lese bok.
 Og så var det tid til å utforske nærmiljøet.  Like attmed huset var det ein barnehage med eit bra uteområde. Her var det fleire ting å leike med.



 Fantoft stavkyrkje er ei nokså kjent stavkyrkje.  Denne er bygd opp igjen etter at den opprinnelege kyrkja vart påtent for ein del år sidan.
 Minst like populært kan nok dette konditoriet bli for enkelte. Det er jo ei kjent sak at det er kaloriane som smakar godt.  Men ofte blir jo slike fakta bortforklart.  Da er det desto meir befriande å sjå slike tekstar på utsida av huset.  Men det var jo søndag,  og da så.........    så vi trøsta oss i staden litt i Bergen sentrum på måndag før vi reiste frå byen.
..... og så vart det teltovernatting på Sognefjellet og tur til Galdhøgpiggen som eg har blogga om før.  Vi bloggar jo "baklengs" frå sommaren.

onsdag 24. august 2011

Ny barnebarn-tur til Drammen.

I helga var vi på barnebarn-tur til Drammen. Sebastian vart fødd 15.august.
 Bestemor har Sebastian på fanget.
 Men aller best er det nok hos mamma Gunnveig.
 ....og her er han hos bestefar.
 Og så var det familiebilete for lokalavisene i Sunndal: Gunnveig, Sebastian, Eldbjørg og Simon.
 Sebastian med og utan gjesp.
 Eldbjørg vil trille åleine.
 Søndag fekk vi går tur langs elva medan foreldrene kunne vere heime hos Sebastian.  Det tok ein og ein halv time å gå forbi dette treet, og tal kan bety så mangt. Hoppe "ein gong til" kan like gjerne bety å hoppe 40 gonger til.

 Eldbjørg og bestemor leika gjømsel på elvekanten.

Ikkje alle klarer å gjømme seg like godt.
 Barn og vatn heng alltid saman.  Da blir det fort to blåfarger på kjolen.
 Regnver kunne slett ikkje hindre at vi fekk ein fin tur.
Dataalderen hentar oss inn.  Lesebrett kan brukast både til å lese bok og å hjelpe Kubbe med å rydde før han kan legge seg.

laurdag 13. august 2011

Galdhøgpiggen.

På tur heim frå Bergen opplevde vi ein del av høgfjellet i landet vårt.  Eg kan ikkje heilt forklare kva som gjekk av Cecilie desse dagane, men det var ho som foreslo å setje opp teltet på Sognefjellet måndag 1.august.
Dette er ein del av "baklengs blogging frå sommaren". Det kjem meir og enda har vi ikkje kome til barnebarna frå i sommar.

 Tidleg neste morgon var vi oppe for å ete frokost og kjøre til Juvasshytta.
 Ved Juvasshytta skulle vi starte på bretur til Galdhøgpiggen kl. 10.00. Vi var slett ikkje åleine på turen.
 Det var spørsmål etter nokon som var "tøff nok" til å bære tau dei 3 km innover til brekanten.
 Her ser vi ei gruppe som går over breen innover mot Galdhøgpiggen.
 Her stiller vi oss opp klar til avgang.
 Breen er stadig i forandring. Her går vi attmed ein sprekk.
 På veg opp mot toppen er det rein steinur. Det er slett ikkje det beste underlaget for Cecilie, men her må vi berre stå på. "Toget" skal tilbake på avtalt tidspunkt.  Vi fekk låne stavar på Juvasshytta.
 Det mangla ikkje på utsikt og fjelltoppar.


 Det var nokså folksomt på toppen medan vi var der oppe.  Her ser vi "bua" på toppen.
 På fjellryggen på turen nedover.
Midt blant alle dei lyse steinane var det også ein som var heilt svart. 
Her kjem ein liten film frå vandringa på breen.  Det er også eit lite glimt av rein som vi såg like før vi kom til Juvasshytta.
Etterpå var vi ganske slitne i beina, og vi hadde slett ikkje lyst til å liggje i telt. Så da vart det middag og overnatting på sjølvaste Elveseter hotell i Bøverdalen. Oppmjuking av beina i svømmebassenget før frokost neste dag var også godt.

fredag 5. august 2011

Gull-ruta.

Her startar det med litt blogging frå sommaren, men det blir i motsett kronologisk orden.  Startar med onsdag 3.august. Da var vi ekte turistar og kjørte "Gullruta". (Geiranger og Trollstigen)
 Vi kom frå Jotunheimen og Elveseter hotell via Ottadalen.  Da var det naturleg å ta ein tur opp på Dalsnibba på 1500 m.o.h.  Her kunne vi sjå nedover mot Geiranger.
   Etter å ha stått i kø i kiosken på Dalsnibba og hørt på mange språk sa eg til den hyggelege dama bak disken at no kunne ho få prate norsk til ei avveksling  - men nei da - ho kunne ikkje norsk.
 Her har vi den kjente "knuten" på oppstigninga til Djupvasshytta. Dette er no gamlevegen, for her er det ikkje plass til dagens store bussar.  Geiranger skysslag, som hadde som formål å frakte turistar oppover desse svingane, vart stifta i 1907.  Denne vegen har fått mange utmerkelsar for flott vegbygging i ei tid med enkle hjelpemidlar.
 Cecilie på Flydalsjuvet. Som nordmenn følte vi nok at vi både var turistar og tilskuarar til myldret av utanlandske turistar. På fjorden låg det 3 cruise-skip, og det aula med bussar både på Dalsnibba, Ørnesvingen og Flydalsjuvet.
 Ørnesvingen. Her er vi iferd med å forlate Geiranger.
 Ved Gudbrandsjuvet mellom Valldal og Trollstigen var det bygd kafe og mange bruer med god utsikt ned i juvet.
 Her renn ei lita sideelv ned i juvet i ein liten tunnel.
 Denne furua er på ein elegant måte bygd inn i bruene som går over juvet.
 På tur ned mot utsiksplassen for Trollstigen. Her ser vi tydeleg at utsiktstårnet har eit godt overheng, og det er ikkje berre berre for ein mann med høgdeskrekk.  Og attpå til skal eg gå i lag med Cecilie som later som ho har beina trygt planta på jorda sjølv om ho slett ikkje har det.
 Frå utsiktstårnet kan eg nyte utsikten med litt skrekkblanda fryd, og andre kan berre nyte.
Utsikt ned mot brua.  Like etter at vi forlot Trollstigen kom det eit voldsomt torever/regn og det gjekk 4 ras slik at vegen vart stengt. 
........ så kjem det meir etter kvart om det som hendte før i sommar.