måndag 24. mars 2008

Påske 08.

Mammas påskefat er ein viktig tradisjon, men det har sine nyansar. I år var det litt utfordring å finne blomster, men resultatet vart slik. Det fekk vi glede av både heime og i Ålvundeid kyrkje.



Som fast heading på bloggen vår står det: "viss nokon vil rydde i hagen så er det berre å kome." Det er kjekt at det er nokon som benyttar seg av tilbudet. Det er greit med litt vårarbeid, sjølv om våren glimra med sitt fråver. Det gjeld å utnytte ekspertane medan dei er her.
Etterpå var både oppdragsgjevar og arbeidsfolk godt fornøgd.







Grilling av pølser og pinnebrød (eller deig ) stod på programmet. Med traktor klarte vi å få det meste opp på påskeaften for å sysselsette oss med eting frå frukost til middag.


På Øverlandet var det hard konkurranse i snow-racer. Det mest imponerande var at mamma deltok, men ho kom dessverre ikkje over kulen der kamera var plassert. Til slutt kom sjølvsagt bikkja i bakken.


Grånebba vart høgaste punkt denne påska. Varden bar preg av vind og snø.

onsdag 19. mars 2008

Hasardiøs kjøring på Drøppingstranda.

Når ungdommen kjem heim til påske kan det bli litt av kvart av hasardiøs kjøring. I baksetet sit den kjente villkjøringsfotografen, som i bloggarkretsar er kjent under namnet mammaC. Sjølve kjøinga blir nok sendt på andre bloggarkanalar.


søndag 9. mars 2008

Vinter og vår.



I det forrige innlegget dvelte eg mest ved vinterns negative sider, men det er da mest positivt. Laurdag hadde eg ein fin skitur til Stortuva frå skiheisen på Ålvundeidet. Eg er ikkje så dreven med sjølvutløysar så eg er ikkje med på biletet. Hadde forresten nok med å stå på toppen p.g.a sterk vind. Klarte så vidt å unngå at den eine skia blåste vekk. Men flott utsikt er det i alle fall.






I dag har vi gått søndagstur innover stranda. Da ser vi at våren kikkar fram frå snøen. Robin traff ein kamerat ved sjøen på Rakaneset. Han forstår seg ikkje heilt på slike unge juplingar som berre er 2 år gammal.


tysdag 4. mars 2008

Snø og glatt føre.


Eg (og mange andre - ut frå erfaring) har lenge spådd at vinteren kjem når det berre blir mars. Og det var berre å bla om på kalenderen så kom vinteren. Eg starta dagen med å dette så lang eg var da eg kom ut på vegen. Landa heldig vis på ei tjukk pengbok. I Ålvundfjord, rett nedanfor bedehuset, hadde ein tankbil kjørt i grøfta. Eg knipsa dette med mobilen, og sendte det også til Aura Avis med det same.