måndag 21. desember 2009

Snart jul.

Når det kjem barnebarn heim tykkjer vi i grunnen at det allerede er jul, sjølv om det er nokre dagar igjen. Og dei dagane kan brukast til hyggelege forberedelsar.



Her er det full konsentrasjon både om foto-stativ og agurk.














Pepparkakebaking. Kjevleteknikken blir vist i ein filmsnutt som kjem lenger ned.








Kjekt når bestemor les bok.




Her er smultringane ferdige.
I filmen som kjem nedanfor kan vi studere teknikken både for bruk av vogn og kjevle.




Eldbjørg har verkeleg forstått korleis tyngdekrafta virkar.

søndag 6. desember 2009

Advent ute og inne.

Det blir litt meir lys for kvart år. Kanskje vi snart kan kan kalle oss for Lille Ranvika.


Vi har no kome til 2.søndag i advent. Biletetet er spesielt tileigna John Gudmund som saknar adventkalenderen.

Vi hadde ein liten tur på Kammen i dag og. Prøvde også å fotografere litt is.



















Det er noko som heiter steinansikt, men kva da med eit isansikt. Eg tykkjer det har mange mjuke ansiktstrekk.

søndag 22. november 2009

Fjelltur med drømmedama.

For omlag 10 år sidan drømte eg om å få med meg drømmedama på fjelltur. I dag har drømmen forlengst gått i oppfyllelse. Varme tankar går til Robin som la opp treningsprogrammet. No klarer vi oss godt utan hund.
På september var det ekstremt vått, men seinare har det vore bra ver for fjellturar. Her kjem ein liten photo-story. Bileta er tekne på to ulike turar. På den siste til Vardhaugen var det veldig fint å gå fordi myrane var frosne, men likevel ikkje glatt. Til dei som tok skrekken av fotoserien vi hadde på juni så kan det seiast at denne er vesentleg kortare (ca 1 1/2 min).

søndag 8. november 2009

Matauk og nye gardiner.

Det ble pæresaft i år også.
Plommesyltetøy skulle det også være for et par tre år....

...og ripssaften er berget.
I tillegg har det kommet multer, blåbær, jordbær og solbærsaft i fryseren.


På høstferieturen til Drammen "kuppet" jeg Arne og fikk kjøpt nye panelgardiner til stuen, med god hjelp av Gunnveig. Nye lampeskjermer fant vi på IKEA i Trondheim.

torsdag 5. november 2009

Trønderar på besøk.

Da har vi hatt kjekt besøk frå Malm. Eiliv har vist fram mange sider av seg sjølv.
Her er han i ivrig "samtale" med Fidus-dokka.


Skapdører gjev ekstra utfordring i balansen. Så lenge ei dør står fast er det også eit fast haldepunkt, men når begge dørene svingar kan det bli i meste laget med ustbilitet. Dette kan du sjå på videoen lengre ned på denne sida.


På laurdag var vi på fisketur. Vi hadde i alle fall sluk i vatnet sjølv om det ikkje vart noko fisk.






Det var greit å sitte i bæremeis, og det var i alle fall kjekt for bestefar å få bruke bæremeisen.









torsdag 15. oktober 2009

Haustferie med barnebarn.



Her er vi ute på Bragernes Torg. I bakgrunnen ser vi kirka der Eldbjørg vart døpt. For oss som kom frå Nordvest-landet var det ganske spesielt å oppleve 2 dagar med finver.






Vi gjekk også til Spiralen og den bratte Sikk-sakken nedover til byen igjen.
Men dei fleste bileta vart jo teke av ho Eldbjørg i ulike posisjonar på golvet.


Bestemt dame i Drammen. I denne filmen var vi også ganske enige om målet. Dermed kunne fotografen ligge klar ved målet for turen.


Men slik var det ikkje alltid. Her låg også fotagrafen klar ved det som var målet(for fotografen). Men ho sjøl hadde eit heilt anna mål........


laurdag 3. oktober 2009

Dyr på Vestlandet, Drøpping -Bergen

Midt i jaktida går det ein del rådyr like ovanfor huset vårt. Ei rådyrgeit med tre kje er stadig å sjå. Av og til er det enda fleire å sjå.

Det var også liv og røre i dammen ved Bergenshallen for nokre veker sida. Jona sørger for at endene får mat.

søndag 27. september 2009

Angvik - forsinka bursdagspresang.

For dei som har sett lappen på kjøkkenet, som viste at Cecilie hadde ein bursdagspresang med tur til Angvik gamle handelsted til gode, kan det no bekraftast at turen er gjennomført.

Her er vi ved sjøkanten og ser opp mot den gamle brygga som no har vorte hotell.




Innandørs var det mange gode sofagrupper å sitte i.


Cecilie drømmer om ei aldri så lita lysekrone. Her kan ho i alle fall sjå på ei på nært hald.


Høgt under taket.



På ein slik plass er det på sin plass å lese "Dagens Næringsliv" - men fotomotivet manglar brillene, så det blir nok med overskriftene.

Det er i alle fall mykje næringsliv frå Angvik som her har sett sine spor både utandørs og innandørs.




onsdag 12. august 2009

Minne frå Kroatia.

Her kjem det eit lite tilbakeblikk på den hyggelege turen til Kroatia.



Båten vi var på hadde plass til omlag 40 passajerar. Båten var heilt ny og derfor var det også air-condition. Det var kjekt.
Ein stor fordel med liten båt er at det er anledning til å bade frå båten, og sidan vi låg i hamn om natta kunne vi gå ute og spasere så lenge vi ville.



Det var mange besøk på små og store spiseplassar. Men etter ei veka langta eg veldig etter ekte norsk kaffe. Dette og neste bilete er frå Kocovar, som vart vår favortiiby.









Ein kveld fekk Cecilie også sine etterlengta pannekaker med div. smurt oppå.






I Split besøkte vi slottet til Diokletsian. Han var romesrsk keisar fram til 305 e.Kr. Han var frå denne byen. I 40 år bygde han på palasset som han skulle ha da han vart pensjonist. Han var visst den einaste keisaren som planla sitt liv som pensjonist.





Her har vi eit badekar i palasset.







Gamle murar i palasset i lag med moderne bygningar. Diokletsian skulle i alle fall ha nok plass i huset sitt. Noko av palasset var restaurert og var museum. Noko var handlegate, og det var også ein del boligar som var bygd inne i det gamle palasset.
Her kjem nokre videoglimt frå turen. Cecilie lærte bl.a. å svømme på ryggen, sjølv om ho vart våt både i ørene og håret. ( I ettertid ser vi at jazzkonserten var i Hvar og ikkje i Split slik det står på filmen) Filmen er på berre 1 min.

torsdag 6. august 2009

Dubrovnik

Sjolv om vi forbind MIddelhavet med fint ver hadde vi eit kraftig tordenver med plaskeregn og hagl baade inn til Dubrovnik og om kvelden inne i byen. Det gjorde bl.a at det ikkje vart tilgjengeleg Internett der.


Her ser vi litt av den beromte muren rundt gamlebyen i Dubrovnik. Dette gjer at byen har ein spesiell status paa UNESCOS liste for verdensarv.
Men sjolv om byen har historsik status var han mykje odelagt i krigen i 1991-92. Alle dei raude taka viser at storparten er bygd paa nytt.



















Ferie maa ogsaa vere litt toys og tull. Eg fall for denne "system error" for saue-bonden.











Dubrovnik er nok mest beromt, men saa langt likar vi Kocovar best. Dette er ogsaa ein gammal by, med mange trivelege smug samla paa ei halvoy.
Vi er ogsaa godt frnoyd med opplegget som stort sett bestaar av at vi startar med frokost og avgang kl. 8. I lopet av dagen har vi lunsj og bading undervegs til ein ny by, som vi kan utforske neste kveld saa lenge vi vil - berre vi er paa plass til avgang neste morgon.

måndag 3. august 2009

Cruise-ferie i Kroatia.


Vi feirar 35 aars bryllupsdag i Kroatiia. Allerede forste dag fekk vi med oss ein spennande jazz-konsert i eit kloster i Hvar.


Middagen om kvelden er ikkje inkludert paa baaten saa da faar vi sjanse til aa besoke lokale restaurantar.
Her staar eg ved sida av baaten vaar. Det er plass til 40 passasjerar ombord. Vaar baat ligg naermast land.






måndag 20. juli 2009

Bryllupsfeiring på Phillipshaugen.

Marie og Nils Ingar sa ja til kvarandre 12.januar, men bryllupsfesten vart feira på Phillipshaugen 18.juli.


..........." med kjerringa til hest" er ei kjent strofe frå poesien og erfaringa.


Her ser vi ein del av forsamlinga. I bakgrunnen ser vi teltet der vi hadde eit flott måltid med grillmat.

Brudeparet forsyner seg med grillmat.




Hjortelåret som har vandra i dei Drøppingske skogar blir her teke fram frå jordgropa. Grillmesteren ventar spent i bakgrunnen.
Da brura tok på seg brudekjolen kom dei ut frå eit røyklagt "Madagaskar."

Tradisjonen frå "Buvang Mekk" sette eit hyggeleg særpreg på kakebordet.

torsdag 9. juli 2009

Traktor og barnebarn.

Det er kjekt med sommar og barnebarn som har tid til å vere ei stund slik at vi rekk å bli litt kjent. Her er det Jona og Cecilie som har kome frå Bergen til sommarvarme og bading.






Men også om sommaren er det ting som skal gjerast på ein gard. Her er det Jona og bestefar som reparerer hjulet på traktoren.

Etterpå er det klart til å kjøre avgarde for å hente vatn i møkkavogna. Ein til å gi gass og ein til å styre.