måndag 27. februar 2012

Vinterferie i Malm.

 Siste helga i vinterferien drog vi frå vårlege Nordmøre til full vinter i Malm. Her var der det høge snøkantar.
 Nabohunden kom besøk.

 Vi bygde snøhole i vegkanten.
Cecilie kunne lage engel i snøen. Kvifor skal alle snøenglar ligge vassrett? Meir om dette i filmen, der vi først og fremst ser Eiliv på klatretur. 

 Sjølv om Signe ikkje var i toppform kosa ho både med nytt teppe og med katten.
 Eiliv fekk prøve seg på Cecilies ipad både med fargelegging og legging av puslespel.

søndag 19. februar 2012

Haustblad - Vinter -Filosofi.

Eigentleg er vel dette berre ein innrømmelse av at det har vore for lite blogging. Ein blogg der det ikkje skjer noko er nokså uinteressann.  Cecilies tellar på bloggen viser i alle fall at ho er mykje meir populær enn eg(vi). Så det er ikkje spørsmål om ho rasar forbi, men når. Og der rasar det jo lappedamer innom støtt. Og sidan eg ikkje har noko å skrive om kan eg filosofere litt. 
  •  Kvifor landar eit blad frå i haust ned på plena no når det er vinter? 
  • Kvifor landar det akkurat der?
  • Kor stor sjanse er det for at det skal lande slik at det står som ein vimpel? (Eg har ikkje flytta på det.) 
  • Dette er i grunnen berre eit lite utvalg av alle dei tankar som det går an å tenkje omkring dette bladet. 
  • Kvar kom det frå? (men det trur eg eg veit, fordi vi har ei lønn som tuntre)
  • Kvar blir det av?  Truleg til jord i løpet av sommaren 2012. 
  • Og så kunne eg jo starte med assosiativ tankegang om at eg no har fått min siste lønnsslipp på papir. 
  • Og så kan eg jo lure på om det blir slik, for det var også sagt for 1 1/2 år sidan også. Men teknikken svikta og lønnsslipp på papir kom tilbake.
  • Men no er det altså slutt  - ikkje med lønn, men med papir.