tysdag 29. mai 2007

Mai-tur til Svinvik arboret.



Da har vi hatt ei spennande pinse med besøk, bryllupsplanlegging og eksotisk besøk i nærmiljøet. Fredag var Marit og eg på Kleiva-kveld. På 1. pinsedag reiste vi til Stangvik kyrkje og Svinvik arboret. Her er ein del sentrale personar frå turen.
















Vi kjøpte oss også ein ny rododendron med det det flotte namnet "Fantastica". Til slutt har vi også bilete av den kjekke apeskrekken frå Chile.

søndag 13. mai 2007

Hage-"mobbofrene" tek igjen.




Denne helga har Emma og John Gudmund vore heime. Etter diskusjonane den siste tida om headingen på bloggen og det å ta eit tak i hagen så stilte dei opp på laurdag. Vi tok ein liten aksjon. Litt dissens( for å seie det forsiktig) om kor hardt vi skulle gå til verks. Mamma arrangerer spørre-konkurranse om kva som er borte. Noko er lett å sjå. Noko litt verre. Bileta er "før" og "etter."
Vi var også til Surnadal for å hente bunad til "litj-guten". Han vart så flott så. Han vart også fotografert i massevis, men han ville ha einerett til presentasjonen på eigen blogg så følg med. All snik-kopiereing må sjekkast mot lovene på sida til Nils Ingar.


tysdag 8. mai 2007

Drama i sauefjøset





Kvardagen i sauefjøset er i grunnen ganske dramatisk. Her kjem eit lite tilbakeblikk på vårens vakraste eventyr og drama omkring det den siste veka.
Onsdag 2.mai: Ein ganske vanskeleg fødselshjelp der ulike bein frå fleire lam ville ut samtidig. Det kom ut 3 lam, 2 levande.
Torsdag morgon: Mora låg død i garden og dei 2 lamma låg tett inntil mor si. Kvar elles skulle dei få trøst, kjærleik og omsorg. Ein annan sau hadde mista det einaste lammet sitt. Ho blir omplassert som fostermor. Lamma starta straks med å suge den nye mora. Men ho ville naturleg nok ikkje ha lamma. Etter ein dag torde ikkje lamma å suge meir. Livet var håplaust. Eg måtte mate dei.
Fredag 4.mai. No hadde dei lært at den nye mora hadde mat, men var ikkje snill. Arne var snill men hadde ikkje mat. Ved ein god kombinasjon av desse to går livet vidare.
Laurdag 5.mai. Dei første sauene kjem ut.
Søndag 6.mai. Eit fjorslam vrenger livmora ut. Det ser ikkje bra ut ut. Ei nyutdanna veterinærjente(ferskare enn Marit) kjem og ordar det heile, og to dagar etter ser det ut til å gå bra. Eg har bilete av sauen. Det kan sendast på e-post til interesserte, men egnar seg ikkje på blogg for sarte sjeler.
I dag tysdag 8.mai: Ein sau har trykt for lenge for å få ut eit lam som låg skeivt. Lammet dør like etter fødsel. Eg vel da ein strategi:
1. Kjenner etter at det ikkje kjem eit lam til.
2. Gnir dei to morlause lamma inn i blod og andre vesker frå det døde lammet.
3. Det ser ut som den nybakte mora aksepterer dei to lamma som snart er ei veke. Men det er vanskeleg å vere sikker enda.
4. Det kan i alle fall sjå ut som dei to lamma har funne den store draumen: Ei mor som har mat og som aksepterer dei slik som dei er.
Mat, kjærleik og omsorg er ganske nødvendig enten vi er ei veke på 4 bein eller over 50 på to bein.
Viss nokon trur at dette er berre idyll så skal dei også ut i eit terreng der jerven luskar. Men skulle alt gå veldig bra så kan dei faktisk få lov til å bli pinnekjøtt til julaften.

tysdag 1. mai 2007

Meir frå Vina del Mar

Da har eg igjen omarbeidd dei to siste innlegga og håpar bileta visest no. Da skal eg ikkje bruke programmet Picasa til dette meir.
Her kjem det også fleire bilete frå Vina del Mar, både inne og i hagen.

Cecilies far var så stolt over han klarte å dyrke fram ein slik Strelitsia(?) i drivhus. Denne voks i bestefars hage.


Simon med besteforeldre. Litt uskarpt bilete men motivet er godt.





Cecilie fekk sjansen til å plukke sitronar i hagen hos naboen ved å bytte med avokado frå hagen til bestefar.








Meir familiebilete frå Chile.











Takk for hyggelege kommentarar med ønske om fleire bilete. Det var jo mest frå den eine sida som kom i stad. Så her er det også frå farsida til Simon.


Her er det blåbær-syltetøy frå Norge.
Familie-samling. Simon hadde ein hard jobb som oversettar frå spansk til norsk og/eller engelsk. For oss var det ikkje alltid like lett å henge med når vi skulle få noko oversatt. I tilllegg skulle vi forstå om onkel sa det motsatte av det han meinte, og om oversettaren kom med same meining eller det motsatte. Litt dobbelt-sjekking på engelsk var av og til nyttig.
Kokken lagar god sjømat og skjella gjekk unna.