tysdag 31. juli 2007

Dåp i Innerdalen.

Da har vi hatt ein flott dåp i friluft i Innerdalen.
Det var ein stor dag for oss besteforeldre å få følge vårt første barnebarn til dåpen. Her er Jona i lag med foreldre og fadrar.
Gunhild i lag med Jona. Denne dåpskjolen har bestemor bruka mange timar på det siste året.




Bestefar klar med tau for å hjelpe til med å dra barnevogna opp dei bratte bakkane til Innerdalen.

Sølvkrus og barnebibel frå tanter og onklar.


Her er han i finstasen i lag med Karen.
Han klarer godt å halde seg i sentrum for mor, bestemor og farmor.

fredag 27. juli 2007

Nytt hagebord til dåp og bryllaup.

Nytt hagebord kom på plass til dåp og bryllaup. Familiens fagsnekkar har teke det meste av jobben. Det er sett saman av tre breie furuplankar. Men ein del arbeid vart også overlatt til han far sjølv.
Vedmodig avskjed med det gamle bordet. Riktig nok vart det ganske rottent etterkvart, men dette var litt meir ekte naturprodukt. Laga av ein rotstokk av furu.

Endeleg kom barnebarnet på besøk.

Endeleg kom Jona på besøk og skal døpast i Innerdalen. Både bestemor og bestefar er glade og stolte besteforeldre.


Bestemor har ordna med spesialteppe. Her er det både bevegelse, fargar og lyd.

Mamma les bok for lilleguten sin.

laurdag 21. juli 2007

Klatraren Robin.

Det er greit når jobben blir ferietur. Eg skulle gå til Kamman for å sjekke eit dødt lam. Marit har fått bilete av innvollane etter opning og sjekk av diverse. Viss fleire vil sjå kan det sendast på e-post, men kan elles spare svake sjeler for slikt. Men det vart ein flott dag og Robin og eg berrre gjekk og klatra stadig vidare. Han er sanneleg flink til å klatre. Vi gjekk turistlinja frå Vardhaugen til Stortuva utan problem. To gamle menn i vår beste alder.

Den klassiske utsikten på toppen av Stortuva. Her er vi midt i ferieparadiset i praktfullt ver. Men eigentleg er det sauebonden som er på jobb. Vi fann fleire grupper med suar og lam. Men det manglar dessverre fleire lam.
Utsikt mot Smisetnebba.

Her ser vi mot Grånebba (frå.v) Skarfjellet, Virumkjerringa, Dronningkrona og Mohaugen. Eg har faktisk ikkje vore vore på nokon av dei 3 siste. Men elles føler eg meg sprek og klar til for å guide til Innerdalstårnet.
Flott himmel i Sør-Amerika. Men regnboge over Midtknuken og Rambjøra er heller ikkje å forakte. (Dette er teke nokre dagar før)

Eg har også vore to dagar i Trondheim og øvd meg på å pusse murar. Det går greit å pusse når massen blir profesjonelt blanda.













Marit nærmast og Håvard i bakgrunnen. Her blir det parkeringsplass med bod under. Ny trapp til sokkeletasjen bør det også bli for vi reiv den midlertidige trappa for å få til å pusse murane.(Denne gongen har eg forminska bileta før eg la dei ut. Prøvde å eksportere til eiga mappe med Picasa før utlegging -anbefalt av NI. Viss nokon ser noko positivt eller negativt så er eg takknemleg for respons.)

måndag 9. juli 2007

Grilling og (ikkje av) elg.

Vi besøker Tingvoll-kyrkja og ser på Gunnar kyrkjebyggar ved Tingvoll brygge. Frå venstre Arne, Gunnar og Michel.





Laurdag kveld var vi i hagen og laga så spennande grillspyd at mamma kom heilt ned for å forografere. Ein av oss har tydelegvis misforstått ordet spyd i denne samanhengen.







Tidleg om morgonen 9/7 (6.15)vart eg vekt av mamma. Eg skulle sjå det ho akkurat har fotografert. To elgar på ekra ovanfor vegen. Dette er første gong eg har sett elg hos oss. Spor har eg registrert nokre av dei siste åra. Alt tyder på at elgen er på frammasj. (Æra for alle bileta i denne seien tilfaller den andre redaktøren i nettavisa: mamma C)

tysdag 3. juli 2007

Kjekt, kjekkere, kjekkest !!!!











I helgen tok jeg en snartur til Bergen. Det var kjempekjekt å treffe igjen Jona. Han hadde vokst og var blitt stoooor gutt, - i hvert fall større enn sist. Og så kjekt å bytte bleie. Ikke tisset han seg ut, og ikke nektet han å bli byttet på!! Det var noe annet enn sist gang jeg drev og byttet bleier, sånn for ca. 16-17 år siden. Så dette frister til gjentagelse. Gleder meg stort til han og alle de andre snart kommer hjem.