Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg

fredag 9. mars 2012

Arnes catering.

Eg må vel starte med å seie at eg er verken spesielt "handy" eller kompetent kokk. Men når Cecilie både er flink til å sy, og skryte av det på nettet etterpå,  så får vel eg prøve på det siste.
Utgangspunktet var at eg har kome med i dåpopplæringsutvalget. I går skulle vi lage det litt hyggeleg  for dei ungdomane som kom til Ålvundeid kyrkje på utdeling av NT. Jan Fredrik hadde eit bra opplegg med klatring opp i det mørke tårnet, og dei lærte å bruke det nye testamentet.  Men så skulle dei ha pizza. Eg visste jo at kjøleboksen hadde ein knapp for varme. Viss eg da berre kunne få til litt etasjar i boksen så skulle dette gå bra.  Onsdagskvelden sette eg så "handy-man-ideeen" ut i livet.
 
Og når eg da akkurat har kjøpt meg ein høveleg bil til denslags, så ..............
Og viss nokon vil stjele ideen så "vær så god", og viss nokon vil betale for ideen så skal dei få kontonummer.

laurdag 11. desember 2010

Baking, julemesse og sjølskryt.

Det vart ny rekord for julemessa for Misjonsselskapet( på Grøa) i år også. Der er det mange som bidrar, men dette er mest sjølskryt. I det forrige blogginnlegget var eg mest opptatt av å vise mannen som klarte å lage strull. Men no bør det vel framhevast at det er Cecilie som står for den store produksjonen. Kallen er imponert. Det første biletet viser ein av kvar sort, som vi laga.
Strull, bordstabelbakels, Napoleonshatt, suksesskake, hjertekaker, sjokoladerullekake og sjokolademakroner. (Dette blir 7 om ikkje alt er klassiske julekaker)
På biletet over ser vi heile stabelen som vi hadde med til julemessa. På biletet under ser vi det som ikkje vart kjøpt.
......... og sjølvskryt skal ein jo lytte til, for det kjem frå hjertet.
Til slutt eit lite glimt inn i vårt ekteskapelege samarbeid om prosjektet. Eg kan gjerne hjelpe til med å skjære opp sjokoladerullekakene. Eg har heller ingen problemer med å akseptere hennes breie erfaring som tilseier at dei bør vere akkurat 11 cm for å passe i boksen. Men når ho attpåtil vil bestemme at eg skal måle med ein bestemt linjal da reiser eg meg i protest mot overmakta, diktaturet og detaljstyret.