måndag 12. august 2013

Lita grop kan velte stort lass.

Da eg starta som bonde hendte det fleire gonger at hengaren velta under forhausting. Etter kvart lærte eg litt om skeiv lasting og generelt om naturkrefter.  No har eg kjørt i mange år utan å velte, men i år velta eit lass igjen.  Det var ikkje så veldig bratt heller, men det var ei grop i terrenget som eg ikkje passa godt nok på. Det er vel slik at der det er bratt passar eg også ekstra godt på.
Men plutseleg låg altså lasset slik.
 Her er det min gode "dreng" Per Sindre som først må vere med på å tømme lasset, og så må vi lesse graset på igjen. Til slutt må altså Per Sindre jamne det utover i silon. (3.gongs behandling)
Dette biletet sendte eg også som sjåarbilete til NRK MR.  Frå ein hyggeleg sambygding fekk eg da eit spørsmål om eg har starta med utesilo med sidetipp.

Og når først lasset har velta så er det litt knapt med berre ein traktor, så da er det godt å ha ein god nabo:

 På turen nedover kan drengen få seg litt fortjent avslapping.
Men det er ikkje berre velting som skaper litt plunder. No tykkjer eg rett og slett at Telenor med sine underselskap bør gjere jobben sin. Jula 2011 herja Dagmar i området her, og telefonledninga vart lagt ned fleire plassar. Det var eg som måtte fjerne stolpen frå ekra.  No har eg hatt slik akkuratkjøring der telefonledinga går mellom traktoren og hengaren. Slik har det vore i 2 somrar og 4 forhaustingar.

søndag 11. august 2013

Sommar 2013 med feriefolk og sommarfest.

Her kjem litt meir småglimt frå sommaren 2013.  Og det kan kan også hende at det kjem fleire glimt seinare.
(Har skrive om hagearbeid)
 
Da eg investerte i ein 6 år gamal traktor i 1982 ante eg nok lite om kor god investering det var for framtida. Alle barnebarn var ute og kjørte. Dei eldste var mest interessert i "nyttekjøring" og vi kjørte bort greiner og henta grus. Sebastian og Sondre var aller mest ivrig. Bestefar er svært lettsmelta når dei stiller seg opp og ser bedande på meg:  "kjøre"  eller "trrrrraktor." 

 Bestemor hadde også investert. Traktoren var ny i fjor, men lasteapparatet var nyinnkjøpt. Her er det Jona som kjører bort gras.
 Bestemor samlar ofte bernebarn rundt seg til lesestunder.
Det er lettare å samle alle når det er ei spesiell anledning. Denne gongen hadde Marthe og John Gudmund sommarfest på Vishus fordi dei gifta seg på Tennerife i fjor svært så hemmeleg. Da blir det også fleire feiringar og fleire kaker.
Leirstaden Visthus.
Og her kjem ein liten videosnutt frå starten på festen.


 Her har bl.a. Håvard, Signe og Eiliv pynta seg i sin finaste stas.

 Storfamilien er samla.
 Marthe med brudepikene og ein brudesvenn på vår side av familien.

 John Gudmund med sine søsken.
Frå småbarnsfamilieavdelinga i selskapet.
 Sommar betyr  besøk, og her er Easter og Jan Erik med og trillar Bjørnar ein regnversdag.
 Bestemor og Anna prøver å  få kvarandre til å sove. 
 Eivind ventar spent på lokalavisa. Blir det noko fiskestoff i dag tru......
 Det vart også mange turar med bading på Flæsa. Svelesteiking vart det i år også. Viss nokon vil sjå foto av det, er det berre å bla seg tilbake i bloggen.
Mødre er ofte ivrige fotografar.
 
Eiliv har funne blåbær som han skal vise til bestemor. 
 Isspising høyrer også ferien til.

tysdag 6. august 2013

Hagearbeid.

I headingen på bloggen vår står bl.a. denne teksten: Og viss nokon vil rydde i hagen så er det berre å kome.      Det pleier å vere nokon som er flinkare enn andre til å benytte sjanse.
 Nils Ingar, Eldbjørg og Sebastian ryddar opp i jerngryta.
 Sebastian fjernar kvistar både manuelt(her) og med traktor. (håpar det kjem eigen serie om det)
 Etter planting høyrer vatning med. Da er det tryggast å bruke hjelm, så går det an å ta sykkeltur også.
 Marie kontrollerer at Anna gir riktig dose med vatn.  Bestemor var ansvarleg for krydderbrettet. Anna og Eldbjørg stod for såinga. 
 
 Her er det hemlokken som blir barbert   -   etter at adventslysa vart demontert p.g.a. måling av huset.

Marie er oppe og kuttar ein del greiner.
Etter at dei andre var reist fall eg for fristelsen til å bidra med ein liten finish.
......... og så håpar eg å kome tilbake med fleire glimt frå sommaren.

søndag 4. august 2013

Turistar på Todalsfjorden.

Torsdag denne veka gjekk det eit stort ras som sprerra den einaste vegen til Todalen. Dette har vore ein dramatisk situasjon for bygda. I dag var vi turistar på Todalsfjorden.

Her ser vi raset frå Hegerneset ved Todalsøra. Her hadde vi eit hyggeleg besøk i land og fekk servert kaffe og is, men kamera var ikkje med.
Nær opp til raset, der vi ser at heile vegbanen har rasa ut. For dei som vil ha meir nyhetsdekning går det bl.a. an å sjå på denne linken: http://www.nrk.no/video/stort_ras_i_todalen/1945ADE0237148AB/
At det går ras er ikkje heilt ukjent ved Todalsfjorden. Dette raset gjekk på Drøpping-sida ved Rambjøra tidlegare i år, men her var det ingen veg som kunne bli sperra.
Kystverket er på plass og driv med opprydding langs strendene.
Her ser vi litt trerestar som ligg ved Svinvik arboret. Det visest at trea har fått harhendt behandling i raset.
 På stranda kan vi også sjå gjess som er nokså upåvirka av det som skjer.


 Ved Svinvik møter vi passasjerbåten som transpoterer folk til og frå Todalen.  Frå tysdag kjem det bilferje.

 Men vi tek oss også tid til eit besøk i Svinvik Arboret og nyt finversdagen.
Frå arboretet kan vi også sjå heim, og ser at fjorden er blikk stille på denne finversdagen.