onsdag 16. november 2011

Sondre i Bergen.

11.-13. nov var vi igjen i Bergen for å oppleve eit nytt barnebarn. Sondre vart fødd 4.november.

 Cecilie går ikkje langt utan kua.
 Jona med lillebror på fanget. Dei sit i skuvsenga frå Drøpping/Lesja.
 Her er Cecilie saman med Anna som også er på besøk.
Det vart ein del forsøk på familiebilete som skulle til lokalavisene. 

 Dette "glade" eksemplar vart valgt ut og vart i dag sendt til Aura, Driva og VL.
 Cecilie i lag med Sondre.

Vi var også på bytur saman med Jona og Cecilie.  Marie og Anna kom etterpå. Målet var akvariet. Der såg vi på fisk, pingvin og selar.  Men mating av slangar var nok toppen.

tysdag 15. november 2011

Glimt av "Trønder"-barnebarna.

Vi ser stadig at vi ligg etter når det gjeld blogging om besøk hos våre barnebarn.  Først på oktober var vi på besøk i Malm.
 Her er det mykje "hage-gener" så da er det berre å videareutvikle dei også.

 Bestemor med Signe på fanget.
 Eiliv i "innemodus."

 Bestefar prøver seg på litt mating.
 Bestefar tok ein spasertur med "dobbel-dekkeren"
Signe prøver alle sjarmtriksa ved bordet.

tysdag 25. oktober 2011

Dåp i Drammensmarka.

Søndag 16. oktober var det klart for dåp i Tverken sportskapell i Drammensmarka.

 Her ser vi hovudpersonen Sebastian.
 På laurdagen var det hageselskap med grilling av heilt lam. Det var kjekt for ein sauebonde å vere med på dette for første gong.
 Medi passar grillen og John Gudmund passar Sebastian.

 ...... og her er lammet klart til servering.
 Etterpå er det Anna som blir beundra.
 .... og no er det bestefar sin tur til å ha dåpsbarnet (og ein ekstra fot) på fanget.
 Her er Signe klar til å dra ut i marka.
 Dåpskjolen er på plass.
 Det var til dels 3 passasjerar innover i marka.
 Vi kan nyte maten både før og etter gudstenesta i Tverken.
 Simon og Medi.
Besteforeldre som nyter dagen og kaffen.
 Dåpen.

 Etterpå skal dåpskjolen på ein gong til for å fotograferast....
....... og beundrast.

På laurdagen tok Cecilie på seg eit lite oppdrag med å lage reklamefilm for Kiwi saman med Eldbjørg.
Og så litt krabbing og sykling.

søndag 23. oktober 2011

Badetur til Tyrkia.

Vi fann ut at vi hadde bada for lite denne sommaren så da sjekka vi badetemperaturane for haustferien. Vi fann ut at Tyrkia låg godt an og turen gjekk til Alanya. Årstalet på portalen tyder på at han kan vere laga speielt for oss.
 Vi budde på Balik hotel like ved Kleopatrastranda, strand nr. 21.  Her vart det mykje bading, men ikkje så mykje ligging.

 Frå der vi budde kunne vi sjå mot den store borga ved byen.  Vi var der på ein kveldstur.
 Her ser vi mot vår strand.

 Denne plassen vart også brukt til å gjennomføre dødsstraff på ein enkel måte ved dytting. Ikkje så rart at det stod advarselsplakat.

 Her ser vi ned mot byen frå borga. "Alanya by night."
 Frå hamna. Vi var på båtturar to dagar.
 På båtturane var det også mange badepausar.
 Frå den eine båtturen på ei elv kunne vi sjå skilpadder.
 På elvekanten sat også lokale fiskarar som skulle få seg fisk til middag.
 Her la vi til med båten. Middelahavet til venstre og elva til høgre. Dermed kunne vi også velge om vi ville bade i 25 eller 16 grader.
 Her er vi på tyrkisk aften. Det var på eit slags slott med plass til omlag 500 personar og ei scene i midta.  Opprinneleg var dette bygd som ein overnattingsplass langs silkevegen.  Slike plassar var bygd ut frå at ein kamel kunne gå omlag 4 mil på ein dag.
 Her er vi på besøk i den største moskeen ved Middelhavet (utan at eg kan forklare definisjonen)
 Det vart mange besøk på restaurant i løpet av veka vi var der.
 ....men det var også tid til litt tull og tøys, her med radiobil.
 Her er vi på ein litt annan type biltur. Jeep-safari.
 På turen besøkte vi bl.a. ei grotte der vi kunne gå 300m innover i fjellet.  Her var det mange formasjoner og tildels trolsk stemning.

Vi var også på besøk i ein landsby der vi såg at redskap som vi finn på museum i Norge, her er i bruk. Mjølet vart nok malt fint på denne kverna.