onsdag 26. desember 2012

Flæsa eit år etter Dagmar.

I dag, på andre juledag 2012, er det eit år sidan Dagmar herja rundt omkring her.  Dette er først og fremst eit innlegg for å vise forandringane for dei som allerede er lokalkjente.  Dei sore forandringane kom tydelegare fram etter at hogsmaskine no i haust var her og rydda etter stormen.   
 Frå Skarvhammaren kan vi no sjå ned på Flæsa slik vi gjorde i min barndom. I mellomtida har det vore tett granskog her.
 Her er vi midt i Flæsabakken og ser ned på Flæsa. Vi ser nausta i bakgrunnen.
 Her ved telofonstolpe nr. 10 stod vi og sette på oss ringane nyttårsaften 1972. No heng resten av stolpen og svevar i lause lufta, og telefonledninga ligg enda på bakken fleire plassar.
 Utsikt frå nausta opp mot Skarvhammaren.
 Sett frå det ytterste Flæsaberget. Utsikt i same retning.
Her ser vi frå Flæsa ut mot Vikan. Her er også store granskogar borte.

tysdag 25. desember 2012

Julemat, duppedings og drømmedame.

 Det er jo med høgtid eg ordnar pinnekjøttet kvart år. Resultatet vart bra i år også. Når ho som sit her seier at mitt er det beste, jå så er jo det heilt topp.  Kanskje fordi det smakar godt fjellgras eller at det er noko med stellet sauene får, slaktinga, saltlaken eller sjølve steikinga.  Eg tykkjer forresten at sjølve steikinga manglar litt når eg smakar pinnekjøtt andre plassar. (f.eks på julebord) Det er mykje snakk om sprø svor på ribba. Men etter mi meining er ei god steiking etter lang koking også viktig på pinnekjøtt.
 Nærbilete av pinnekjøttet på fatet på julaften.
 Kona mi ønsker seg stadig duppedingsar til jul og no var ho ganske klar til å gje meg ein duppedings innan data/telefoni som eg meiner eg ikkje treng.  Med litt tips var vi klar for å gje ei gåve frå kvarandre til kvarandre som stiller kravet til ein god duppedings.  Skikkeleg unyttig kan det truleg seiast at det er, men viss latskapen verkeleg skal få boltre seg så......  Kva med å sjå på at det blir støvsuga, medan du sjølv sit i godstolen.  Kor mykje som bør gjerast med stolflytting, tilpassing av soner o.l. er vi så heldige at vi ikkje har funne ut enda. Vi lever berre i draumen........ Og her er vidunderet i aktivitet.........
Utroleg kor fort katten tilpassar seg siuasjonen. Han forstår nok at den skumle greia er bunde av tyngdekrafta og held seg på golvet.
 Men vi skal da ha meir mat også. Dei fleste vel pinnekjøtt eller ribbe, og nokon vel begge delar. 1.juledag kunne eg servere ribbe med skikkeleg sprø svor.
Og når det attpå til kan etast i lag med drømmedama, så ................

måndag 12. november 2012

Bryllup på Tenerife.

26.oktober var det eit ganske hemmeleg bryllup ved Sjømannskyrkja på Tenerife.  Diverse halve sanningar vart servert for å skjule det som var planlagt. 
 Men dei vart skikkeleg gift.
 Og her blir det gjort klart til fotografering. Presten kjører forbi i full fart.
Breudeparet i lag med sjømannsprest Reidar Ådnanes.
 Brudepar og forlovarar Christoffer Nyberg og Kristel Nyberg.
 Brudepar i lag med oss.
 Og her blir familiane forent. I praksis var jo den eldre garde allerede svært så godt og hyggeleg forent ved bading, fjelltur og restaurantbesøk.
 ..... og her er alle som visste om det. 
 Og så dro vi ut til ein landsby på piknik.
....... og meir fotografering. 
 Her skal dei ned til havet for å fotografere meir.......
 Cecilie hadde ønska seg eit bilete akkurat ved denne døra. 
 Litt fotvask høyrer med etter foto og bading.
 Ikkje kvar dag denne fortauskafeen får slikt besøk. Viss nokon har sans for detaljar kan dei finne ut kva slags arbeid som foregår i bakgrunnen. 
 Frå havet ber det så opp i trea for meir fotograferring.
 Seinare på dagen blir det bryllupsmiddag på ein restaurant.

Seinare hadde vi kaffe på hotell-rommet til Oddveig og Kornelius.  Og vi var ganske stolte over oppdraget med å lage den "vanlege sjokoladekaka." Vi tok med nokre ingrediensar. Vanlege ting som mjøl fekk vi tak i på sjømannskyrkja. Der fekk vi også låne kjøkkenet ei stund kvelden før.
........ Og her kjem det ein video.

Ferie på Tenerife.

Det er allerede 2 veker sidan vi kom tilbake frå Tenerife.  Det litt merkelege er jo at på Tenerife var det fred og ro og rolege dagar, men straks vi var heime så var det vanskeleg å finne tid til mimring/blogging, men no har eg ein kveld til det. Eg vel å dele bloggen i 2 tema, "utan" og "med" bryllup.
 Her er det utsikt over byen Los Christianos på sørkysten av Tenerife. Vi var her 21.-28.okt.  Denne toppen er rest av ein gamal vulkan. Heile Tenerife er ei vulkansk øy.

På stranda var det mange som bygde store sandslott. Sjølvsagt høyrde det med å betale litt når du stoppa og såg på kunstverket, og i alle fall når eg tok bilete. Same skikk og bruk som for gatemusikk. 
 Besøk på restaurant vart ein vane i løpet av denne veka.
 Her står Kornelius, Oddveig og Cecilie under eit flott tre i sentrum.
Oddveig ved ei hjertesamling i ein landsby opp mot fjellet. 
 Utsikt mot havet ved Los Christianos.
Her stoppa vi ved ein park med bord og stolar.
Her ser vi opp mot Teide, som er det høgaste fjellet på Tenerife. Fjellet er over 3700m.o.h.  Det er også mange spennande lavafigurar i området.  Vi skulle ta ein gondolheis opp mot toppen, men det var for  mykje vind den dagen. Men vi hadde jo allerede kjørt leiebil høgare opp i fjellet enn Galdhøgpiggen. 


 Teide. Gondolheisen går opp mot toppen på høgresida sett herifrå. 
 Denne tårnfalken fanga eg inn med linsa oppe i fjellet like ved rastauranten attmed gonndolheisen.
 Dette var også ei fin veke for å bli kjent med våre nye "familie". Bryllupet kjem i eige blogginnlegg, men vi hadde eit oppdrag med å prøvespise ein del restaurantar. Det oppdraget tok vi med stort alvor. Ei anna sak var at bryllaupsmiddagen tok vi på ein "ny plass."
Noko av det eg likar best i syden er å gå litt rundt og kjenne på god temperatur.  Ekstra kjekt å kjenne på at temeraturen er behageleg også utover kvelden etter at det er mørkt.  Er vel også av den meining at hausten er ei fin tid å reise på.  Midt på sommaren blir det fort for varmt etter mi meining.
Vi bada jo ein del men det er ikkje bevist med fotos.

søndag 7. oktober 2012

Spesielt lam.

I vår laga eg film om eit spesielt lam. No har lammet kome tilbake frå fjellet sjølv om mange andre lam ikkje har klart seg over sommaren. Eg har sett lammet mange gonger i løpet av sommaren.  Eg beundrar lammet som har klart å halde følge med dei andre - Ikkje minst - klare å orientere seg om kvar mor er.  Men det er nok litt slitsamt å gå slik, og det vart det lettaste av alle lamma eg har.
I sept sette nokre sauer ny høgderekord. Dei vart funne oppe på toppen av Grånebba -1305 m.o.h. Og dette lammet var med der.
Her kjem ein liten filmsnutt av lammet etter at det kom heim. (Frå Youtube)

Til samanlikning så legg eg også link til filmen som vart laga i vår. (Har stått om det på bloggen før)


onsdag 3. oktober 2012

Populariteten går......

Det var vel ei Vidar Sandbekk-vise som handla om populariteten som kjem og går.  På denne bloggen blir det målt kor mange som besøker bloggen. Eg tykkjer for så vidt at 21800 er eit høgt tal, men det er  oppsamla frå 2007.  I 2010 starta Cecilie sin eigen blogg om lapping og slikt.  Ho har også tellar. I lang tid har ho teke innpå  med stormskritt. No ser eg at ho har gått forbi, og eg har ingen planer om å ta ho igjen. ..........Populariteten som gjekk.
Viss det var ein konkurranse har eg tapt. Viss ikkje så kan eg stå igjen i vegkanten og vere litt stolt av at eg er gift med ho som syr så fint og står bak bloggen "Bergfruas lapper" med så mykje besøk og kommentarar.

tysdag 2. oktober 2012

Sykkeltur til Stangvik.

Søndag 30.september var det fint ver og ei god anledning til å finne på noko. Eg har lenge tenkt å gjennomføre ein rundtur med sykkel, Kvanne - Vang - skogsveg til Stangvik - Kvanne.
 Det starta med å pumpe opp sykkelhjula, og det var mykje som tyda på at syklane hadde stått lenge. Så fekk vi testa og fann ut at det så vidt var plass til syklane bak i Yaris'n. Strekninga Drøpping til Rykkjem vart gjennomført med bil.
 Vi sykla først litt mot Surnadal og opp mot Vang skistadion. Langs den historiske vegen til Stangvik var det sett opp skilt og benkar. Vi treng i alle fall ikkje gå langt frå vegen for å finne sitteplass. Kaffe og kransekake smakar godt.

 Med litt ettertanke fann vi ut at reisemåtane til Stangvik har vore ganske utradisjonelle i år. Sist vi var her reiste vi med seglbåt. Pinseturen hit er også omtala på bloggen.
Like forbi Stangvik kyrkje fann vi denne plassen. Vi har aldri lagt merke til at det er eit friarberg her når vi kjører med bil. Biletet er teke med tidsinnstilling så det finst ikkje vitner.
Sjølv om vi hadde med termos, fann vi også plass til kaffe med svale på ferga.

søndag 26. august 2012

Meir frå sommaren.

Sidan Anna var så tålmodig til å sjå på film så kanskje ho har tålmodighet til dette også.  Men sjølvsagt også for andre med tålmodighet. Eg tykte eg hadde så mange ubrukte foto at eg har laga ein liten "juksefilm"(film av still-bilder) med photo-story. 

torsdag 23. august 2012

Filmsnuttar frå sommaren.

Det er ei stund sidan eg blogga frå sommaren med foto, men her kjem det nokre filmsnuttar få sommaren.  Den første inneheld mating av lam, kjøring med "nytraktoren" og tur på fjorden på Våga,


Den andre filmen foregår inne med div. trening.  Vi kjøpte turnringar denne sommaren. Dei har vore bruka både ute og inne.  Litt klassisk skliing i trappa høyrer også med, ..... og så var det ein som starta krabbekarrieren.

Her kjem også ein link til animasjonsfilmen med grisefødsel som vi kunngjorde på YouTube i sommar. Filmen er også omtala på Bergfruas lapper. 


tysdag 7. august 2012

Sommar 2012.

Sommaren er på hell og vi sit med mange gode minne frå besøk. Eg startar med å blogge litt, men eg har tenkt å kome med fleire drypp i tida framover.
 På ein gard må det av og til investerast i ny traktor. Her har det kome ein John Deere til gards.
 Men det er ikkje berre traktoren som blir bruka. Med Eivind som konstuktør blir det bygd romrakett av eska til traktoren, og da må det sjølvsagt brukast hjelm.
Kakespising og kakelaging hører med. Her er det Marte som underviser i cup-cakes-laging.
 Eivind er også ein dreven kake-bakar og det brukar å smake like godt som det ser ut.
Bestefar held seg til svelene som også er populære. Vi steikte sveler på bål på Flæsa 2 gonger, men når veret ikkje er det aller beste, er det også greit å strekke skjøteledninga til takka på utebordet. Blir det enda verre går det til og med an å steike inne.
 Kven sjarmerer kven?
 Vi deltok på friluftsgudsteneste ved Innerdalshytta ved Olsok. Cecilie fekk denne T-skjorta i premie på naturstien.
Jona skal bli like flink til å klatre som pappa.
 I år var det 8 kopplam på Øverlandet og dei hadde vi glede av mange gonger. Det kan vere praktisk med ei grind som skjold.
 Ikkje alle som treng grind.( fot Nils Ingar)
 Inneleiking er greit innimellom.

 Men sandkassen pleier ofte å vere populær. 
Av og til kan leiking i sandkassen vere ein liten avledning slik at mamma får jobba i fred i hagen.
Meir om korleis det gjekk i hagearbeidet kan de lese hos dei som gjorde arbeidet.
 Her har Signe og Eiliv fått sine vesker. Det er årets sommargave, og vil du vite korleis dei er laga, så er det berre å lese på Cecilies lappeblogg, Bergfruas lapper
 Ein liten diskusjon ute på jordet.(foto Nils Ingar)
Eldbjørg på gamaltraktoren.(foto NIls Ingar)
Det vart ein del båtliv i løpet av sommaren også. Her er vi på kanotur frå Smisetfossen til Ålvundfossen. Styrmann og fotagraf er Eivind.
Marit fekk prøve kreftene på robåten i sterk motvind. Eg sat foran og lata meg og forograferte.



 På Våga brukte Eivind motoren da vi drog ut for å fiske og sette krabbeteiner.

Her er vi på den "berømte" kvite badestranda. 
Attpåtil så fekk vi med oss 38 års bryllupsdag for Anne Grete og Otto med kake i tillegg til krabbe og reker.