fredag 22. januar 2010

Meir mimring frå jula - no med film.

Gode minne går det an å leve lenge på. No har eg friska oppatt litt minne frå jula og sett saman ein del filmglimt. Sjølvsagt med barnebarn i hovudrollane.

fredag 1. januar 2010

Fotominne frå jula 2009.

Da har det vorte 2010 og vi kan begynne å dvele ved gode minne frå jula. Da er det naturleg at vi startar med dei 4 barnebarna.


Middagen på julaften med eigenprodusert pinnekjøtt er eit høgdepunkt. Men det å forberede i lag er også kjekt. Bl.a når vi skal utforme 4 kg marsipan i ulike former og fargar.


Henting av juletre med traktor og diverse farkostar hengande bak er noko som det knyttar seg sterke tradisjonar til.

Med utdanna snekkar i familien er pepparkakehuset blitt til ei stor borg.

Det er ikkje alltid like lett å bli enige om retninga, enten ein er stor eller liten.

Kva skal forresten duken brukast til?
Tryggast på mammas fang.

Kva skal vi med julepakkar når vi har pkkebånd?

Forhandlingar om smokken.

Søskenbarn skal dele på fanget.