søndag 29. april 2007

Bilete frå Chile

Eg måtte gjere om noko med bileta. (Eg hadde brukt programmet Picasa til å legge ut nokre av bileta. Det fungerte ei stund, men så skjedde det noko som gjorde at dei forsvann) No er teksten hulter til bulter i forhold til plassering av bilete, men eg håpar lesarane finn ut av det.







Da er det ei stund sidan vi kom heim, men her kjem det nokre bilete frå Chile. Vi startar med eit krigsminnesmerke frå salpeterkrigen mot Peru på slutten av 1800-talet. Her er vi Valparaiso og har med oss søskenbarnet til Simon som guide. Cecilie er avbilda framfor eit tilsvarande krigsminnesmerke i Lima. Dei hadde også sin krigshelt sjølv om Simon la vekt på at det var Chile som vann.





Her er vi midt inne i den forholdsvis ferske og dramatiske historia til Chile. Eg står framfor statuen til Salvador Allende som vart avsatt ved Pinochet sitt kupp i 1973. Det er berre nokre år sidan denne statuen kom opp. Pinochet har jo gradvis mista sin makt, og han døde i 2006 utan at Chile har hatt eit endeleg oppgjer med kuppet. Nedanfor ser vi fengslet det Jose, far til Simon, sat fengsla i samband med dette kuppet.
Oss bestefedre i mellom. Den erfarne underviser den ferske om korleis det går går an å bygge fly av tomme brusflasker og ølboksar. Eit lite "problem" for meg blir da: Korleis skal eg få tømt desse ølboksane?
Besteforeldra til Simon smakar på påskegg frå Norge. Bestemor har greidd å opne det sjølv! Ho låg det meste av dagen etter at ho har hatt eit slag. Men ho hadde stor livsvilje og pågangsmot, og gjorde framskritt for kvar dag. Det at ho klarer å opne dette egget er flott.

Flotte sommarfuglar i Chile.

Det hender nok at eg "knabbar" bilete, men desse to sommfuglane var det Gunnveig som fanga inn med vårt ganske enkle kamera. Det var i Valparaiso. Posted by Picasa

søndag 22. april 2007

På besøk hos Jona i Bergen ( + stolte foreldre)











Vi hadde ikke mer enn landet i Norge, før Bergen sto for tur. Arne hadde fått streng beskjed i november, om at det ikke var aktuelt med noen lamming før vi hadde vært der. Det hadde han foresten ikke noe imot heller...

Oldefar Drøppings ski har kommet på veggen til heder og verdighet, og en stolt bestefar kan vise fram vidunderet.
Gutten var nydelig og veldig besteforeldrevennlig, siden han absolutt ikke ville ligge alene i vuggen hverken når han var våken, eller når han sov. Resultatet var at vi kunne bære så mye vi ville på han, unntagen når han fikk mat da, og det skjedde jo en ganske stor del av tiden! Det er rart hvor fort en glemmer hvor små de er når de er helt nye, og hvor fantastisk de er skapt! Det er et like stort under hver gang!!!

tysdag 10. april 2007

Paa tur heim fraa Chile.

I Chile vart det mest familiebesök, men vi har ogsaa vore litt turistar. Det har vore lite tid til Internett. No har eg nokre minutt paa flyplassen i Lima med ei daarleg maskin, elles er vi her i 9 timar, saa det er litt kjedeleg. Vi var mest hos Simons besteforeldre, og det var svaert hyggeleg. Vi saag ogsaa fengslet der Jose sat i tida etter kuppet mot Allende. I Santiago var vi paa langfredag. Da var det ganske stille, men stor aktivitet paa fisketorget, fordi det er tradisjon med fisk paa langfredag. Elles var vi paa landstedet og beskte Simons onkel med mange familiemedlammar. 1. paaskedag var vi paa messe. Men no maa eg overlevere maskina til nestemann.

torsdag 5. april 2007

Lima - siste dag i Peru+ ettertanke.







Vi ligg litt etter med bilete fordi vi glöymde ein viktig ledning heime, og maa lage CD för vi kan vise dei paa bloggen:
Den "krigerske" mamma framfor helten i krigen mot Chile (truleg salpeterkrigen paa slutten av 1800-talet) för vi set kursen akkurat dit.
Nr. 2 Etter flyturen i Nasca.
Nr. 3. Fraa det som var kalla katedralen i Nasjonalparken utanfor Pisco.
Nr. 4 Fraa frokosten ved hotellet i Cusco med mange teikningaar inspirert av kunst fraa Inka-tida.

Da har vi kome til siste dag i Peru. I gaar var vi paa guida bytur i Lima. Da var vi til gamlebyen som inneheld mange bygningar fra 1600-talet, d.v.s den förste tida med spansk styre. 40 bygningar her er med pa UNESCO si liste. Vi var bl.a i katakombene under ei kyrkje der franciskanar-munkane hadde organisert begravelsane i byen. Det var ei stor samling med bein og hovudskallar.
Elles er Lima i stor grad ein moderene by. Dei reklamerer med aa vere "det forskjellige"(differente) og det er byen ogsaa. I den rike bydelen der vi har vaart hotell er det prega av velstand, ja meir prega av luksus, casino og glamour enn vi pleier aa sjaa i Norge. I gatene er det mange dresskledde folk aa sjaa. Det virkar som det er viktig aa vise at dei har kome seg ut av fattigdomen. Forskjellane er svaert store, enda vi har sett lite av fattigdom her, men vi veit det er i andre delar av byen.
Det har nok ogsaa samanheng med at sikkerhetsvakter er viktig. Vi ser stadig vaepna vakter utanfor butikkar og bankar. Bussen som vi tok til Pisco/Nasca hadde av- og paa-stigningar innanfor avsperra omraade og det var sikkerhetssjekk som likna det vi har paa fly i Norge.
Det gjer at eg ogsaa gjer meg tankar om at vi har eit godt land i Norge der vi har lagt vekt paa velferdstaten og at alle skal ha det bra. Men mykje tyder vel ogsaa paa at forskjellane blir större i Norge. Eg kan godt vere enig i at dyktige ledarar skal tene 2-3-4 gonger saa mykje som vanlege folk, men naar ledarlönningar, lön til aksjemeglarar eller forballstjerner blir 10 -20 30 gonger saa mykje som til vanlege folk spörs det om vi er paa riktig veg.

onsdag 4. april 2007

Prosesjon, Pisco og Nasca

Sidan eg sjölv var heilt ukjent med blogg for 2 mnd. sidan kan eg skrive litt om korleis du kan kommentere paa bloggen. Vi tykkjer det er hyggeleg med ei helsing fra Norge.
Trykk med musa nedanfor teksten der det staar "kommentarer". Der har du tre valg. Du maa ha bloggside sjölv for aa bruke "blogger", men dei to neste kan alle bruke. Andre/other kan brukast viss du skriv eit namn under, elles kan du bruke anonym.

Vi fekk dobbel dose med palemsöndag. Etter ein busstur paa litt over 3 t. mot sör fraa Lima kom vi til Pisco. Der fekk vi oppleve mykje folkeliv. Det virka som alle var ute i gatene. Cecilie og eg var paa ei messe som avslutta kl. 21. Da kom ein prosesjon med Jesus paa eit esel og jomfru Maria opplyst pa eit baeresystem med aggregat. Begge vart sett paa plass i ein monter i kyrkja. I og med at vi allerede var paa messa fekk vi oppleve alt paa naert hald. Vi hadde tidlegare vore ute i gatene, men da var det problematisk aa sjaa fordi det var saa mykje folk. Elles la vi vi merke til at prestane gjekk ut straks messa var slutt. Det var tydeleg at dei ikkje hadde noko med prosesjonen aa gjere.









Maandag var vi til ei fugleglöy, som ogsaa hadde sjölöver utanfor Pisco. Vi segla gjennom den porten som du ser pa det eine biletet. (Elles kan eg anbefale fleire bilete paa sida til Gunnveig og Simon - "vespa") I Nasca var vi oppe i fly for aa sjaa pa bileta i örkenen som er omlag 2000 aar gamle. Eg begynte med aa filme, men matte i staden konsentrere meg om meg sjölv naar flyet la seg paa sida og svinga rundt dei ulike bileta. Det er ulike teoriar om desse bilete. Dei har nok noko med kva denne kulturen visste om vassaarene som förer ned fraa Andesfjella, men det er nok ogsaa mykje meir, baade religiöst og astronomisk. Bilete vises jo best ut mot verdensrommet og dei hadde ikkje fly.

søndag 1. april 2007

Palmesöndag i Lima.

Vi gjekk innom ei av dei store kyrkjene i Lima paa palmesöndag. Det vart ei flott oppleving. Utanfor solgte dei dekorasjonar av palmegreiner. Inne var det fullt av menneske i alle aldersgrupper. Höglydt deltaking i ulike deler av messa. Til slutt gjekk mange fram og fekk velsiga sine dekorasjonar ved at presten "skvetta vatn" paa dei. Dei kotolske kyrkjene er flinke til aa bruke konkrete ting. Det var kanskje 1000 personar til stades. Vi var med för kl. 11. Det saag ut som det begynte ei ny messe kl. 11

Tilbake til laaglandet og Lima.

(Bilete: Lima ut mot Stillehavet)
Lima ligg ved havet medan Cusco var paa 3300 m.o.h. Som ein kuriositet kan eg nemne at ei halvfull vassflaske i sekken var nesten flattrykt da vi kom til Lima med flyet. Inne i flaska var det jo framleis berre Cusco-trykk. Det at vi fekk ha med oss vassflaska viser ogsaa at sikkerhetsvaktene legg vekt paa ulike ting.(Vassflaske blir besglagt i Norge) Men naglefila til Cecilie som vart godkjent i internasjonal luftfart, vart besaglagt paa innanriksflyet her.
I kveld har vi vandra i eit kjopesenter som ligg ut mot Stillehavet. Det var nokon som bada, nokon sveva i hangglider, nokon gjekk pa mannequien-oppvisning og vi aat paa Burger-King etter lang tid med Alpakka, marsvin o.l. Vi bur i den rike delen av byen som er ein moderne storby. Lima har dobbelt saa mykje folk som Norge, og arbeidsledigheten er svaert stor. Denne delen av byen er prega av vellykka foretningsfolk som ser ut til aa ha god raad. Fraa flyet saag vi ogsaa mykje slum.