søndag 28. april 2013

Sein vår er også fin vår.

Dei første som finn hestehov m.m. skriv gjerne om det fjesbok eller blogg.  Men våren er fin når han kjem - uansett når. I mi bok om vår og ver har eg notert hestehov på Drøpping 10.april i 2009 og 13.april både i 2008 og 2011. Ingen å sjå i dag 28.april. (Eg har jo sett hestehov andre plassar - både på fjesboka og i levande live)  Kvitveis har vi heller ikkje sett enda - notert til 10.april i 2009 og 18.april i 2011 - på dei same -"tidlegaste" plassane.
Men vi har hatt blåveis ei stund. I år fann Cecilie den første blåveisen 22.april. (I hagen).
 Blåveisen har vi altså i hagen. Han er vel i si tid importert frå sørlandet av svigerfar, men kjem att år etter år. I dag kan vi telle 9 stk.
 Blåfarga skil seg ut frå det andre som er brunt og grått.
 Påska er ferdig, og da er det vel typisk for dette året at påskeliljene blomstrar no.
 Klosterklokkene kan trenge seg opp av snøen. No tittar dei i alle fall opp av telen.
Krokusen pleier også å vere ein tidleg blomst i hagen.

tysdag 23. april 2013

Vårens vakraste eventyr med litt kaotisk start.

Lamminga har så vidt starta. Første termin var på laurdag, men det vart ikkje lamming før natt til måndag. Da starta det fort medan eg sov ei lita stund.  Mødre kan vere svært forskjellig. Da eg kom dit hadde det kome 4 lam frå to mødre. Den eine hadde slikka og ordna opp med alle lamma. Ho viste tydeleg at alle er "mine lam."  Den andre stod forsiktig hjørnet og gav seg heilt ut av det heile.
Eg måtte gjere eit valg fort, og tok den forsiktige sauen ut saman med eit lam.  Ho stanga ikkje lammet, men brydde seg heller ikkje om.  Det viste seg at det gjekk bra.  Den andre hadde da 3 lam.  Seinare fødte ho 3 lam til, eit var dødt.  I ettertid TRUR eg at ein sau har fått 4 lam og ein har fått 3.
No har den eine sauen 5 lam rundt seg, men eg har planer om å ta ut 2 som kopplam etter nokre dagar.
 Her ser vi nokre av lamma.
..... og her er alle fem, met kvalitetet på biletet er ikkje så bra.


Her ser vi litt av dei 5 lamma (på YouTube)

måndag 1. april 2013

Påskeaktivitetar.

Påska 2013 vart prega av fint ver, barn, svigerbarn og barnebarn, og det meste foregjekk heime, ute og inne.
 Før dei andre kom hadde Marie, Nils Ingar, Anna og eg ein fin dag i skileikområdet, inkludert grilling.

 Her fekk Eldbjørg og Sebastian prøve stor-traktoren saman med bestefar.

 Svelesteiking skjer ofte på Flæsa, men det fungerer også godt heime på nyutsett hagebord.
 Anna og Simon ser på at alle brillebyttingar får rett for seg.
 Liten og mellomstor traktor blir prøvekjørt på vegen.
 Malm-gjengen nyt vår-sola.
Grilling i hagen høyrer også med, og viss vi ikkje er enige om kvar bålet skal vere, så går det greit å flytte eit bål.
Marthe ledar cup-cakes-aktivitetane.

 Sauene skal også ha mat. Eldbjørg og Anna matar sauene.

 Leiting etter påske-egg er ein fast aktivitet på påskelaurdag. Her er det Marthe og John Gudmund som har funne både Bjørnar og påskeegga.
 Her har Signe, Eiliv og Sebastian funne sine egg. 

 På laurdagen vart også egga til 1.påskedag måla.
Bestemor las nok bok mest, men her har bestemor knipsa bestefar saman med Eiliv og Sebastian.

2. påskedag tok Bjørnar på seg dåpskjolen igjen for å bli "årntlig" fotografert, og her har bestefar spionert på fotograferinga.
2.påskedag kunne eg også dra til fjells for å forberede sommaren ( i tillegg til litt ski-abstinens).  Tråkkemaskina i Børsetlia har kjørt 4 bøtter med saltseinar nesten til Stortuva. Her skal dei henge i to master på kraftlinja. To av steinane vart hengt opp, og to skal stå i reserve til sauesesongen startar.