onsdag 12. august 2009

Minne frå Kroatia.

Her kjem det eit lite tilbakeblikk på den hyggelege turen til Kroatia.



Båten vi var på hadde plass til omlag 40 passajerar. Båten var heilt ny og derfor var det også air-condition. Det var kjekt.
Ein stor fordel med liten båt er at det er anledning til å bade frå båten, og sidan vi låg i hamn om natta kunne vi gå ute og spasere så lenge vi ville.



Det var mange besøk på små og store spiseplassar. Men etter ei veka langta eg veldig etter ekte norsk kaffe. Dette og neste bilete er frå Kocovar, som vart vår favortiiby.









Ein kveld fekk Cecilie også sine etterlengta pannekaker med div. smurt oppå.






I Split besøkte vi slottet til Diokletsian. Han var romesrsk keisar fram til 305 e.Kr. Han var frå denne byen. I 40 år bygde han på palasset som han skulle ha da han vart pensjonist. Han var visst den einaste keisaren som planla sitt liv som pensjonist.





Her har vi eit badekar i palasset.







Gamle murar i palasset i lag med moderne bygningar. Diokletsian skulle i alle fall ha nok plass i huset sitt. Noko av palasset var restaurert og var museum. Noko var handlegate, og det var også ein del boligar som var bygd inne i det gamle palasset.
Her kjem nokre videoglimt frå turen. Cecilie lærte bl.a. å svømme på ryggen, sjølv om ho vart våt både i ørene og håret. ( I ettertid ser vi at jazzkonserten var i Hvar og ikkje i Split slik det står på filmen) Filmen er på berre 1 min.

torsdag 6. august 2009

Dubrovnik

Sjolv om vi forbind MIddelhavet med fint ver hadde vi eit kraftig tordenver med plaskeregn og hagl baade inn til Dubrovnik og om kvelden inne i byen. Det gjorde bl.a at det ikkje vart tilgjengeleg Internett der.


Her ser vi litt av den beromte muren rundt gamlebyen i Dubrovnik. Dette gjer at byen har ein spesiell status paa UNESCOS liste for verdensarv.
Men sjolv om byen har historsik status var han mykje odelagt i krigen i 1991-92. Alle dei raude taka viser at storparten er bygd paa nytt.



















Ferie maa ogsaa vere litt toys og tull. Eg fall for denne "system error" for saue-bonden.











Dubrovnik er nok mest beromt, men saa langt likar vi Kocovar best. Dette er ogsaa ein gammal by, med mange trivelege smug samla paa ei halvoy.
Vi er ogsaa godt frnoyd med opplegget som stort sett bestaar av at vi startar med frokost og avgang kl. 8. I lopet av dagen har vi lunsj og bading undervegs til ein ny by, som vi kan utforske neste kveld saa lenge vi vil - berre vi er paa plass til avgang neste morgon.

måndag 3. august 2009

Cruise-ferie i Kroatia.


Vi feirar 35 aars bryllupsdag i Kroatiia. Allerede forste dag fekk vi med oss ein spennande jazz-konsert i eit kloster i Hvar.


Middagen om kvelden er ikkje inkludert paa baaten saa da faar vi sjanse til aa besoke lokale restaurantar.
Her staar eg ved sida av baaten vaar. Det er plass til 40 passasjerar ombord. Vaar baat ligg naermast land.