onsdag 30. juni 2010

Fint fjøsvaskarvér.

Det har vore to dagar med bra forhaustarver. Det var svært vått i jorda så det vart ganske svart, men i går var det finver, sol og mange plussgrader. Men i dag var veret tilbake til det gamle velkjente igjen. Supert fjøsvaskarvér.
I skyttarmiljø er det noko som heiter rekyl. Med høgtrykkspylar kan vi heller kalle det returstråle.

søndag 13. juni 2010

Naturopplevingar og mimring på veg mot fjellet.

Her kjem litt naturbilete frå fjelltur inkl. litt mimring. Dette var ein leike- stoppeplass på tur mot fjellet medan borna var små. Tre store graner var kongen, dronninga og dommaren. Her foregjekk rettsakene og dommaren skulle mekle mellom dei som sat på stubbane. Dei er no prega av tidas tann.

Eg kjenner to plassar der det stod høyløer, men det er restar berre etter denne. Slettløå. Vi ser at "snarragadden" held seg lenge.

Eit knekt tre kan også sjå pent ut. Ved dammen i Elva har vi hatt mange hyggelege stopp med matpause gjennom åra.
Her er mest natur og lite folk, men utsikten må også nytast - både den nære og den fjerne.

Kva slags dyr er dette? Med fantasi kan det bli mange svar.
Lav kan vere vakker og gjev grobunn for mange historier også av storpolitisk art. Denne heiter krinslav, veks utover og rotnar innanfrå. I ein periode var det vanleg å kalle han "det russiske rike".

søndag 6. juni 2010

Superhelg til Levanger.

2.juni vart Signe født på Levanger sjukehus, og på fredagen sette vi kursen mot Levanger.
Familiefote før heimreise på laurdag. (Filmsnutt nederst på sida)
Bestemor kosar seg med det nye barnebarnet. Dette er forresten det førstebarnebarnet vi har besøkt medan det enda var på barselavdelinga. Denne gongen var det ekstra praktisk sidan det tek ein time mindre å kjøre til Levanger enn til Malm, og så passa det med helg.
Det var kjekt at vi fekk lov til å passe på Eiliv ei stund på laurdag medan Marit og Håvard gjorde seg klare til heimreise.
Vi var ei stund på sjukehuset både på fredag og laurdag.
Men i Levanger fekk eg også tid til å mimre litt med spasertur rundt lærarskulen, og etterpå overnatta vi på hotell Backlund.
På heimturen kjørte vi om Falstadstentret og Falstadskogen. Minna frå krigen stod jo i sterk kontrast til det vi hadde opplevd så langt.
Cecilie starta turen ekstra tidleg med buss til Trondheim fredag morgon. Der fekk ho god tid til å tråle "Stoff og Stil" ved City Syd. Herer prøver ho å sjå over litt av det ho kjøpte.
Vi fekk også tid til familiebesøk i Sjørdalen + innom Emma og John Gudmund i Trondheim. Vi hadde sett mykje kjekt på turen, men solnedgangen over Stangvikfjorden sett frå Drøpping laurdag kveld var også ei flott oppleving av vår fine natur. ( Ca. kl. 22.30)
Her kjem filmsnutten, og etter oppfordringar er den gamle musikken tilbake.

onsdag 2. juni 2010

Hurra for nytt barnebarn.

Signe vart født på Levanger sjukehus i dag. Det står bra til med Signe, mor Marit og far Håvard. Nedtellinga på bloggen er no skifta frå nedtelling til femte, til nedtelling til sjette barnebarn.