fredag 9. mars 2012

Arnes catering.

Eg må vel starte med å seie at eg er verken spesielt "handy" eller kompetent kokk. Men når Cecilie både er flink til å sy, og skryte av det på nettet etterpå,  så får vel eg prøve på det siste.
Utgangspunktet var at eg har kome med i dåpopplæringsutvalget. I går skulle vi lage det litt hyggeleg  for dei ungdomane som kom til Ålvundeid kyrkje på utdeling av NT. Jan Fredrik hadde eit bra opplegg med klatring opp i det mørke tårnet, og dei lærte å bruke det nye testamentet.  Men så skulle dei ha pizza. Eg visste jo at kjøleboksen hadde ein knapp for varme. Viss eg da berre kunne få til litt etasjar i boksen så skulle dette gå bra.  Onsdagskvelden sette eg så "handy-man-ideeen" ut i livet.
 
Og når eg da akkurat har kjøpt meg ein høveleg bil til denslags, så ..............
Og viss nokon vil stjele ideen så "vær så god", og viss nokon vil betale for ideen så skal dei få kontonummer.

måndag 5. mars 2012

Dåpshelg i Bergen

 Aldri for seint å lære seg å samarbeide, men vi såg snart at vi ikkje var utlærte enda.
 Picniq i Fantoft-skogen.
 Her var det også skattejakt. Skattekartet vart studert godt før vi begynte å gå.

 Eiliv og Marit testar ein kubbstol i skogen.
Kongen på haugen.
 ......eller einsam majestet i skogen.(Anna)
.......Men skatten ville fleire vere med på å utforske.

 Leikeonkel John Gudmund fekk attesten "Bedre enn sjokolade".
 Onkel John Gudmund og Sebastian.
 Anna har fått seg nytt koseteppe.
 Dokka har fått på seg dåpskjolen. Her i lag med Cecilie, Jona, Eldbjørg og Mathilde.
 Cecilie gløymer heller ikkje kua si.
 Jona med dåpsvatnet.
Sondre er døpt i Fridalen kirke. Og familien sette ein del preg på gudstenesta.
Sjå småglimt i videoen nedanfor.

 Dåpsselskap i Birkelundsbakken.
 Frå barnebordet.
Lyset for Sondre er tent.