søndag 28. november 2010

På besøk til Anna m. fl. i Bergen.

Besteforeldrene møttes i Bergen på "visning" nest siste helga i november. Anne Marie og Bjørn var klar til å dra den dagen vi kom.
Her er det bestemødrene som beundrar lille Anna som vart fødd 24.okt på sjøvaste FN-dagen og sørga for å kome først i rekka av bursdagar i familien. Mamma held seg forsiktig i bakgrunnen.
Her er ho med raudt hår og rosa hårklemme.

Foreldra fekk også lov til å halde henne for å ta bilde. Eit tilsvarande bilete er sendt til VL, Romsdals budstikke, Driva og Aura Avis denne veke.

Anna og stolte besteforeldre.

På besøk hos Cecilie får vi tilmålt og servert sterk kaffe.
Cecilie har nettopp lært seg å sjå på TV. Iveren er dermed litt sterkare enn hos dei som har holdt på ei stund i faget.
Bestefar får lese bok for Cecilie og Jona.
Søndagsmiddagen må også lagast så her er kokken i gang med steiking av kylling til storfamilien. Etterpå vart det kaffe og fly tilbake til Kvernberget søndag kveld.

søndag 14. november 2010

Kvardagen sine små utfordringar!

Når dei store problema manglar får ein prøve å løyse dei små utfordringane i kvardagen. Men ordet kvardag er jo også ganske misvisande for problemet oppstod under sjølvaste søndagsfrokosten. Det er jo da vi har kokt egg. Elles ville vel heller ikkje problemet oppstått. Eg lasta godt opp av egget og la det flott utover brødskiva, løfta ho mot munnen og vips så .......
No er det sjo slik at alle problem kan løysast med etterpåklokskap. Den som ser godt på biletet kan sjå at der ligg både gaffel og kniv som Cecilie har lagt utover. Elles så går det jo an - i god amerikansk stil - å anlegge sak mot bakaren - og det var ikkje eg. Men bakaren var tilstades da dette hende.
Det er forresten ikkje alle som finn så mange problem i kvardagen. Nokon leitar heller opp den varmen som er å finne.

tysdag 9. november 2010

Julemiddag og sauens indre.

Da ligg pinnekjøttet i saltlaken så middagen til julaften skulle vere sikra i år også. I år fann eg også ut at eg ville dele mine inntrykk på bloggen. For nokre år sidan slakta eg i lag med Marit -veterinæren. Simon og eg var ivrige elevar. Noko av det vi såg på da har eg no fotografert.
Dei som berre likar firkanta kjøtt kan godt stoppe her, og hoppe til neste innlegg.
Her er bekre-lammet ferdigslakta og klar til å mørne i 40 døgngrader. Det betyr at viss det er omlag 5 grader skal det henge i 8 dagar.
Her er magesekk og tarmar som eg ikkje brukar til noko, men tarmane var tidlegare brukt som pølseskinn.

Magen til drøvtyggarar er ganske samansett. Først kjem det til den store vomma som var med på biletet i lag med tarmane. Etter at det har vore opp i munnen til ekstra drøvtygging vandrar det frå den eine "sekken" til den andre. Denne heiter nettmagen. Når vi ser innsida av nettmagen så er det ikkje vanskeleg å forstå grunnen til det namnet.

Her ser vi bladmagen med nettmagen i bakgrunnen. Her ligg det "blad" på "blad" (lag på lag) som dermed gir stor overflate til å førdøye maten.
På dette biletet ser vi lungene og hjertet. Til høgre er det ein trekloss som ligg der for å få luftrører til å stå opp mot kameraet.