måndag 28. februar 2011

Rydde utsikt.

Dette blogginnlegget er spesielt teilegna Marie og Nils Ingar, som laga sløyfer på trea som måtte fjernast, for å få utsikt til Todalsfjorden.  Den store grana vart jo fjerna allerede i romjula.  No var det 2 store aske-tre som stod for tur.
 Her ser vi resultatet av første og andre fellingsforsøk.  Sjølv om eg saga innover frå alle sider ville ikkje aska falle.  Eg måtte berre gje opp og starte på nytt litt lengre oppe der stammen ikkje var riktig så tjukk.
 Desse to bileta er tekne i dag før og etter felling.  Forskjellen er likevel mindre enn kva det er om sommaren med blad på trea.  Utsikten til Todalsfjorden vil auke.  Det var far som planta ask i sin ungdom.  No har det vorte fleire asker og dess veks til, også på eigedomen til naboen. I år hogg eg derfor ved hos naboen  - for å lage litt meir utsikt frå huset. 

søndag 20. februar 2011

Rørosmarknad 19.februar 2011.

Det var avisa Driva som starta sitt 40-årsjubileum med å arrangere busstur til Rørosmakna'n, og vi meldte oss på.   Litt søtsaker går det an å kome heim med på alle tider av året.  Dette måtte nok vere søtsaker som tålte låge temperaturar.  Dat var omlag -24 grader C.
Noko av det første eg gjorde var å skifte ut litt klede/sko.  Når ein kjøper sko som er anbefalt på Roros må det vere eit greit kriterium for at dei er varme.  Eg bytta inn inn dei skoene eg hadde, og vart varmare på beina med det same.
Redskap og gode borr lot eg meg også overtale til å kjøpe av ein som var god til å demonstrere.
Vel, det vart ikkje kjøp av hytte, men det såg da litt moro ut med ei slik tønne-hytte.

Her kan vi orientere oss på marknaden. Cecilie har kjøpt seg ny hatt som står bra i stil med jakken ho hadde frå før.
 Midt på dagen hadde vi ein god lunsj på Bergstaden hotell.
 Her har eg kjøpt meg ei fjøl med oversikt over gamle mål.
Cecilie i hovudgata opp mot kyrkja med ny korg.
Stort sett var det ganske fullt med folk over alt, og av ein eller annan grunn forsvann det ein del pengar i løpet av dagen.  Det er kanskje målet for dei som arrangerer marked. 
Her kan du lese meir om Røros-turen på Driva sine sider.