tysdag 24. juli 2012

Orkenøyane med Gann.

 Her er St.Magnus-katedralen i Kirkwall, hovudstaden på Orkenøyane. Nedanfor er eit glasmaleri frå katedralen. Ikkje så ulikt Nidarosdomen.
 Her har vi det som vart kalla "The Churchill Barrier". Dei vart bygd etter at ein tysk ubåt hadde kome inn på den militære hamna. Eit stort skip vart senka og omlag 800 soldatar døde.
Dei som bygde barrierene var italienske krigsfangar.  Dei var katolikkar og bygde dette flotte kapellet med svært enkle midlar.

Den ansvarlege for utsmykkinga vart igjen frivillig da krigen var slutt i 1945 for å gjere bygget heilt ferdig.

Dette er typisk for steinmurane på Orkenøyane. Det blir sett steinar på høgkant oppå muren slik at det blir vanskelegare å kome over.
Her står vi i blesten på ein plass der vi kan seie at Nordsjøen er på den eine sida og Atlanterhavet på den andre.
Skara Brae omfattar bygningar som har fått UNESCO-status. Desse husa er omtrent 5000 år gamle, og er altså bygd før pyramidene i Egypt. Runde hus var typisk. Dette såg vi også på Shetland.

Her er eit hus om er svært godt bevart.
Her står steinane i ein ring med ein diameter på 104m.  Ingen veit sikkert kvifor desse steinane er sett opp. Liknar  mykje på det meir kjente, Stonehenge, i Sør-England. Men desse er eldre.
Så er vi klare for å sette kursen mot Stavanger og Norge. (lånt foto frå ein annan passasjer)
I bakgrunnen ser vi vindmøller som Orkenøyane no satsar mykje på. Vind er ein ressurs som øyane her har mykje av. 

måndag 23. juli 2012

Færøyane med Gann.

Landskapet på Færøyane var meir prega av at det ligg lengre mot nord enn Shetland. Her er det brattare, men sauer er det mykje av.
Båtkulturen er ganske lik den norske. 
 Her ser vi også ein praktisk måte for montering av påhengsmotor.
 Vi var på ein båttur i litt vilt landskap ute på Vestmanna. I desse fjellsidene går det også sauer. Her kjem eit lite videoklipp frå båtturen.

Torshavn -hovudstaden på Færøyane. 

 Omvising på det gamle "Tinganes" i Torshavn.
 Kunst prega av sau i det nordiske kultursentret.
 Glassmaleri ved inngangen til den 1000 år gamle kyrkja på Kyrkjubø. Her var det også ei gamal røykstove frå 1100-talet som kom drivande frå Norge.
 I denne hola gøymde mor til kong Sverre barnet sitt. Før han kom til Norge som konge gjekk han i prestelære hos biskopen her på Kyrkjubø. Guiden la ikkje skjul på at ho var stolt av at Sverre, som "tala Roma midt i mot", kom frå Færøyane.
Til slutt ein liten video av Gann som forlater Torshavn og Færøyane.

tysdag 17. juli 2012

Shetland - Gann-tur.

 Vi har vore på på "cruise i Vesterled" med Gann. Gann  har tidlegare vore hurtigrute under namnet Narvik. Vi var 220 passasjerar på turen.
 Lundefuglen var ein populær fugl både på Shetland og Færøyane.
 Her er det første vi såg på Shetland. Vi kom inn til Lerwick. Ein av dei store store forskjellane frå Norge er at det manglar skog. Men det er gode beitemarker for sau.
 Losbåten har akkurat sett losen ombord.
 Når det ikkje er skog er det også naturleg at husa er bygd av stein. 

 Allerede første dagen i Lerwick fann vi ein stoffbutikk - og ferien er redda.
 Vi var ute ein kveldstur i ein mindre båt med 12 personar. Da fekk vi sjå fisk, sel og fuglefjell og vi kunne segle i grotter i fjellet.


 Glimt frå eit av fuglefjella.
 Det ser ut som fine badestrender, men temperaturen fristar ikkje til bading så veldig ofte. Det er normalt med kald vind.
 Dei har sterke tradisjonar med å bygge av stein. 
 På Jarlshof var er det funne hus som er 4500 år gamle. Kulturen var prega av runde hus. 
 Vikingane frå Norge kom med tradisjonar med dei rettvinkla husa.
 På sørenden av øya bryt bølgene mot kysten, men her er det også eit fint fuglefjell med b.a. lomvi og lundefugl.
Denne lundefuglen var ikkje så veldig redd. (Men det er fotografert og filma med sterk telelinse)
Filmsnutt av lundefugl nedanfor. (Endra 22/7 til You-Tube)



Vi kjenner bl.a. Shetland frå 2.verdenskrig da det var ein del illegal trafikk over frå Norge. Shetlands-Larsen er eit kjent namn.  Men trafikken hadde sin pris. Denne minnestøtta inneheld namna på dei som mista livet i denne trafikken. 
Vi sit elles igjen med eit inntrykk av at  øyane i vest gjerne vil ha meir kontakt med Norge. Sjølv om Vikingane ikkje alltid for så fint fram, har dei ikkje skremt bort folket på øyane.  Dette var ein gong norsk område og mange kunne nok tenkt seg at det fortsatt var slik.  Jens Stoltenberg var da også ein tur vestover og innvidde eit museum 17.mai i år.

søndag 1. juli 2012

Trollkyrkja.

Trollkyrkja som ligg like ved Brandsætra, på grensa mellom Eide og Fræna, har eg lenge tenkt at eg skulle besøke.  Søndagen etter slektstemne hadde vi rusta oss med tur-tøy og "hau-løkter."
 Her har vi starta på turen oppover. 
 Trolsk foto frå infotavla.
 Her står vi i opninga der vi skal starte å gå 70m inne i fjellet. Det er mykje kalkstein i fjellet i dette området, og her har da elva vaska ut kalken.
 Lykt er ganske så nødvendig.
 Dagslys igjen. 
 Men det går inn igjen i nye holer.
 Juni med snøsmelting må vere ei flott tid for å sjå Trollkyrkja.
 Her ser vi ned i fossen som stuper inn i den mørke Trollkyrkja. 
Utanfor lyser den fotogene mogopen opp.
MEN: No har den våkne fb-venn og botaniker Kari Sødal gjort meg oppmerksom på at dette ikkje er mogop, men reinrose. Og ho har heilt rett.

Slektstemne i Brandsæterslekta.

15.-17. juni hadde vi slektstemne i Brandsæterslekta. Etterkomarane etter Peder Kroppe Brandsæter(min oldefar) utgjer no ei svært stor slekt. Vi var samla på Molde folkehøgskole, men desse bileta er frå Eide. 
 Her er slektsgarden Brandsætra.  Min bestefar (som døde tidleg) og mi bestemor hadde også denne garden ei stund.
 Samling i Eide kirke. 
 Grava til oldefar.
 Her står eg saman med mine søstre, Ildri og Gerd ved grava til bestefar.
Her har tante Marit samla sine etterkomarar ved grava til onkel Peder.(bror til mor Eldbjørg)
På søndag tok vi ein tur til Trollkyrkja som kjem i eige innlegg.