måndag 13. juni 2011

Harrytur til Vårsøghelg.

Eit av barna våre kalla dette for "Harry-tur" og det kan vere eit godt namn.  I alle fall så er både mat og feriturar forholdsvis miljøvennleg når dei er kortreist. Vi drog til Surnadal med campingvogn for å vere med på Vårsøg-helg.
 Vi slo oss til på Brekkøya camping like ved sentrum på Skei.  På Kleivakvleden hadde vi ikkje batteri, men etterkvart kom eg på at eg skulle fotografere og ta litt småfilmar.  På fredagen var vel Odd Nordstoga den mest kjente.  På laurdagen vart bl.a. forfattaren Bjarne Østbø hedra med omtale av Jan Erik Vold.
 Her er vi på operaforestilling på gamle Surna bedehus. Ho som står her song ikkje.
 I eit siderom fann vi eit bilete som vi har eit spesielt forhold til.
 Far og son. Knut og Audun Iversen. (Kone/mor er frå Surnadal.)
Mat måtte vi også ha, så da tok eg med meg drømmedama mi på kinesisk restaurant midt i den heilnorske kulturen.  Her er ho slik ho ser ut pr. juni 2011.

Etterpå kjørte vi til Todalen og var på ei framføring som Bernt Bøe hadde regien på.
 Øistein Sandbukt frå Sunndal framførte folkemusikk/felemusikk på gitar.
 Frå frokosten 1.pinsedag før vi kjørte til Stangvik kyrkje. Der var det som vanleg omtrent fullt hus på pinsegudstenesta. Etterpå var det middag på Bonhuset og ein form for teater i kyrkja.
 Ei litt spesiell utstilling på ein naustvegg i Stanvika.
Den som har ein del pengar å bla opp kan kjøpe denne "hytta" i Stangvika. 
Til slutt kjem ein liten filmsnutt som viser svært korte glim av ein del av det vi var med på.  Vi var på 10 svært ulike forestillingar frå fredag til søndag kveld.  Økonomisk fekk vi mykje for pengane sidan vi kjøpte "Vårsøgpass."  Det kan godt hende vi tek fleire "Harry-turar".

torsdag 2. juni 2011

Vardhaugen.

I dag på Kristi himmelfartsdag hadde vi årets første fottur til fjells.  Da kunne eg også sjekke at nokre sauer var komne over til Ålvundfjordsida og gjekk ved steinhytta.  Sjølv om vi har gått til Vardhaugen før er det stadig nytt å sjå og oppleve langs kjente stiar.  Vi var litt spente på korleis leggen til Cecilie ville fungere med innleggssolar. Det gjekk bra, og vi kom til Vardhaugen.

 Martinus Frøland sa det slik: De e dei støggast trea som e finast.

 Skjegg på trea er eit tegn på ganske rein luft. I Midt-Norge blir det mest skjegg for vi er langt både frå Russland og Tyskland.
 Rett fram er kortast, men kanskje ikkje nødvendig vis finast.
 Mose på osp.
Kva som er vakkert er elles svært så subjektivt. For meg er det vakkert å sjå at Cecilie går mot Vardhaugen.  Nesten som musikk i mine ører ...... som kjem nedanfor.

Drammen og Sagavoll.

Åra går og vi skulle vere 40-årsjubilantar ved Sagavoll folkehøgskole siste helga på mai.  Da var det greit at vi kunne dra ein dag før og kome innom Drammen ein tur.

Med det same vi kom var Eldbjørg klar til å vise oss alle gravemaskinene som var i nabolaget.  Det vart lagt nye rør i djupe grøfter i gatene og det er spennande å sjå på.
 Litt tid til å kvile måtte vi også ha.
 Bestebor fekk overrakt blomster .... det er kjekt det.
 Bestefar og Eldbjørg bygde høgt tårn.  Vi var litt uenige om fundamenteringa, men vi kompromissa oss fram til ei løysing som ingen først hadde foreslått.
 Laurdag formiddag hadde vi spasertur langs Drammenselva.


 ...... ut på laurdagen kom vi til Sagavoll til kulltreff og middag med jubileumsfest.
 Her har vi litt av dei gamle bygningane.
Symbolet for Sagavoll.