tysdag 11. august 2015

Røros og utescener.

Turen fredag 7.aug begynte med utescena på Steinvikholmen. Her er det opera om Olav Engebregtson som blir framført. Forfattar Edvard Hoem og komponist Henning Sommero kan reknast som våre eigne.  Denne operaoppsetninga skulle kombinerast med feiring av 41 års bryllupsdag - litt på forskudd. Men så balla det på seg med mykje frå Røros.
 Det er fint med opera ute etter solnedgang. Sola blir erstatta av flomlys som er lettare å styre.

 Av og til blir det berre noko rart. Denne gongen balla det også på seg med litt speielle stolar. Her var ryggstø og stol elles spesielt store. Dette var på Scandic Hell hotell.
 Røros med si særegne historie og byggestil er det alltid kjekt å besøke. Det er ikkje for ingenting at dei er på verdsarvlista.


 Framsyninga av forestillinga "Elden" ved slagghaugane var også ei stor oppleving. Dette handlar om året 1718 da svenskane angrep Trondheim og Røros, og viser først og fremst det meiningslause med krig. Denne forestillinga starta kl. 21.30 og varte til over midnatt. Vi var heldige som fekk ophaldsver. Dagen før regna det.
 Vi fekk også med oss besøk i Olavsgruva. Dette er både ei gamal gruve frå 1600-talet og den som heldt på fram til slutten i 1977. Vi gjekk 1 km inne i fjellet.
 Her kunne vi også sjå på stolar. Dette er moderne kvilestolar på pauserommet i gruva frå 1950-talet.

 ..... og så kjem det nokre foto som viser at gruvegangane også har fine fargar og motiv.


 Ute i dagen var det igjen tid for å sette seg ned. Det går fint når Cecilie har med sin medbrakte stol.
Det var også muleg å finne seg ein bra sitteplass ved Vauldalen fjellstue ved svenskegrensa. Og når vi først var ved grensa måtte vi jo også gjere dette til ein utanlandstur.

 Ved Funäsdalen tok vi oss ein tur til fjells med gondol, pluss at vi gjekk eit lite stykke.

 Her var det også muleg å kvile på ein stol, men denne var både hard og spesiell.
 For nokon av oss som var interesssert i geografi i den gamle folkeskolen på 60-talet sit "Aursunden" spikra. Det er her Glomma, Norges lengste/største elv startar her. Det var ikkje så lett å få nærbilde pga av skogen. ..... og for nokon av oss var dette heilt utan nostalgiske minne, men spritstensilane blir hugsa......


Og så avslutta vi ved sparken på Tynset. Det gjekk greit å klatre opp. .....nedturen kunne godt vore filma...... og det var vel nokon som såg det.

Ingen kommentarer: