søndag 7. oktober 2012

Spesielt lam.

I vår laga eg film om eit spesielt lam. No har lammet kome tilbake frå fjellet sjølv om mange andre lam ikkje har klart seg over sommaren. Eg har sett lammet mange gonger i løpet av sommaren.  Eg beundrar lammet som har klart å halde følge med dei andre - Ikkje minst - klare å orientere seg om kvar mor er.  Men det er nok litt slitsamt å gå slik, og det vart det lettaste av alle lamma eg har.
I sept sette nokre sauer ny høgderekord. Dei vart funne oppe på toppen av Grånebba -1305 m.o.h. Og dette lammet var med der.
Her kjem ein liten filmsnutt av lammet etter at det kom heim. (Frå Youtube)

Til samanlikning så legg eg også link til filmen som vart laga i vår. (Har stått om det på bloggen før)


onsdag 3. oktober 2012

Populariteten går......

Det var vel ei Vidar Sandbekk-vise som handla om populariteten som kjem og går.  På denne bloggen blir det målt kor mange som besøker bloggen. Eg tykkjer for så vidt at 21800 er eit høgt tal, men det er  oppsamla frå 2007.  I 2010 starta Cecilie sin eigen blogg om lapping og slikt.  Ho har også tellar. I lang tid har ho teke innpå  med stormskritt. No ser eg at ho har gått forbi, og eg har ingen planer om å ta ho igjen. ..........Populariteten som gjekk.
Viss det var ein konkurranse har eg tapt. Viss ikkje så kan eg stå igjen i vegkanten og vere litt stolt av at eg er gift med ho som syr så fint og står bak bloggen "Bergfruas lapper" med så mykje besøk og kommentarar.

tysdag 2. oktober 2012

Sykkeltur til Stangvik.

Søndag 30.september var det fint ver og ei god anledning til å finne på noko. Eg har lenge tenkt å gjennomføre ein rundtur med sykkel, Kvanne - Vang - skogsveg til Stangvik - Kvanne.
 Det starta med å pumpe opp sykkelhjula, og det var mykje som tyda på at syklane hadde stått lenge. Så fekk vi testa og fann ut at det så vidt var plass til syklane bak i Yaris'n. Strekninga Drøpping til Rykkjem vart gjennomført med bil.
 Vi sykla først litt mot Surnadal og opp mot Vang skistadion. Langs den historiske vegen til Stangvik var det sett opp skilt og benkar. Vi treng i alle fall ikkje gå langt frå vegen for å finne sitteplass. Kaffe og kransekake smakar godt.

 Med litt ettertanke fann vi ut at reisemåtane til Stangvik har vore ganske utradisjonelle i år. Sist vi var her reiste vi med seglbåt. Pinseturen hit er også omtala på bloggen.
Like forbi Stangvik kyrkje fann vi denne plassen. Vi har aldri lagt merke til at det er eit friarberg her når vi kjører med bil. Biletet er teke med tidsinnstilling så det finst ikkje vitner.
Sjølv om vi hadde med termos, fann vi også plass til kaffe med svale på ferga.