fredag 30. mars 2007

Marked og handledag i Cusco.




I dag har vi hatt guida tur paa markedet i Cusco, med vaar spanstalande guide. Vi har sett(mest) og kjopt litt ulike typar mat. Det er mange typar frukt her, og mange "rare" potetsortar.

Til bileta: Den strore katedralen ligg like ved hotellet vaart saa her gaar vi forbi ofte. Cecilie og eg sette oss paa ein benk i parken her. Da var vi snart saa omsverma av av div. selgarar at politiet fann ut dei skulle hjelpe oss til aa faa fred. Vi har ogsaa sett politiet i aksjon i samband med eit par demonstrasjonar av politisk art. Den eine saag ut til aa vere organisert av fagforeningar og den andre av studentar. Vi ser i alle fall at det er mange som har det vanskeleg her, t.d. modre med smaa barn som gaar ute paa gata til seint paa kveld, for aa selge smaating for aa ha litt inntekt.

Vi har ogsaa vore i katedralen paa omvising. Eg har tidlegare skrive om at marsvin er heilt toppers her. Det er eit stort bilete i katedralen fraa skjaertorsdag der Jesus og laeresveinane et marsvin.

Biletet 2: Cusco by night fekk vi oppleve da vi kom med toget fraa Machu Picchu. Dette er jo den store turistbyen i Peru (Sor-Amerika)

Det er ikkje alltid like lett aa faa bileta vaare paa nettet. Mitt nye videokamera, som ogsa tek enkeltbilete, er kanskje for nytt. I gaa gjorde eg i alle fall det heilt store. Naar det ikkje fungerer gjeld det aa prove nokre knappar, og det er ikkje saa lett naar forklaringane er paa spansk. Dermed sletta eg alt paa den eine DVD-plata som inneheldt videoen fra MachuPicchu. ---- Ja, ja, men vi har minna, kort og ein del vanlege digitale foto.
Naar eg tenkjer paa alle dei vi har mott representerer vi 4 dei typiske turistane. Dette er ikkje plassen for barnefamiliane. Dette er plassen for dei unge uetablerte som reiser rundt i verda, og for dei godt vaksne.
Det aa gaa paa restauraurant blir som ein vane ein til 2 gonger om dagen. Prisane er fraa mykje til ein del rimelegare enn i Norge. I gaar hadde vi ei ekstra feiring med flott middag og da kosta det 100 kr. pr. person. Paa turistmeny kan vi faa rikeleg med bra mat for 30 kr (+ drikke) I morgon reiser vi til Lima, og sa vidare med eit ganske stramt program, men det var godt med desse to rolege dagane i Cucco.

torsdag 29. mars 2007

Roleg dag i Cusco.


I dag har vi hatt ein roleg dag i Cusco, litt besok paa museum og konditori for aa feire dagen. Vi kom tilbake med toget fra MachuPicchu i gaar kveld. Det er eit tog som gaar ganske seint, og det gaar fram og tilbake for aa kome opp dei brattaste bakkane. MachuPicchu er jo mykje prega av massetursime. Den som vil lese meir med eit kritisk blikk paa masseturismen kan sjaa linken til "Vespatilhengar".

Sjolv er eg ganske opptatt av steinmurar og dei er flottare i eit par andre anlegg enn MachuPicchu. I dag har vi ogsaa sett mykje flott vev og anna handverk fraa Inka-tida. Cecilie er mest fagleg kompetent til aa vurdere dette, og ho er imponert.

onsdag 28. mars 2007

Dagligliv for en turist i Peru




Vi har vaert med paa endel guidede turer, og alle steder bussen stopper staar de lokale (spes. indianere) klar med ting for aa selge. En faar riktig föle hvordan det er aa vaere kjendis (riking)og gaa spissrotgang... Eller de stiller seg opp i sine lokale klaer for aa bli tatt bilde av, pris 1 soles = 2 kr. Naar vi vet at det kanskje er det de har aa kjöpe mat for den dagen, vet vi at det er töft liv de lever. Her er masse flott haandverk, bare trist at koffertene blir saa fort fulle.
Ordforraadet mitt har ökt fra 1 til 6 paa den förste uken, haaper det blir bedre etter hvert.
For tiden har vi strandet paa en internettkafe, (som det er masse av) under en kraftig regnskur. Regntiden er ennaa ikke slutt, men vi har vaert heldige... dette var den förste skuren vi har hatt.

Sjölvaste MachuPicchu paa Marits bursdag.







Takk til alle lesarar. Skriv gjerne kommentar. Telleverket har no kome til 384 sidan ca. 20 febr og har auka no under turen.

I dag kom vi altsaa til MachuPicchu. Det gaar ann aa gaa hit paa 4 dagar, men vi valgte det late alternativet. D.v.s tog fraa Cusco nedover ein ganske vill dal. Der toget stoppar tok vi buss opp ein Trollstig-liknande veg utan glidekantar. Eg sat ved vindauget paa tur opp, men Cecilie overtok denne paa tur ned - ho meinte det var best slik.
Bileta viser Cecilie paa MachuPicchu. Vi ser ogsaa at lama er kjekke aa ha som plenklöpparar. Sjaa paa den praktiske trappa i muren. Paa biletet av meg kan de legge merke til kor gode dei var til aa bygge murar - ja saa gode at forskarane enda ikkje forstaar korleis dei klarte alt dette. Dette biletet er teke paa eit anlegg naer Cusco.
Vi har allerede sett mange flotte restar fraa Inka-tida men det er nokre ting som er spesielt her
- den ville naturen og den utilgjengelege plassen.
- dei som budde der römte da spanjolane kom, og plassen har vore glöymt fram til 1911.
- av den grunn grunn brukte heller ikkje spanjolane steinane til andre bygg.
- derfor er denne plassen spesielt godt bevart.

måndag 26. mars 2007

Cusco og Inka-riket.




Inka-riket og den kinesike mur har for meg vore 2 stor reisemaal. Eg kom til den kineske mur for noke aar sidan og no er er eg midt Inka-riket. Vi er i Cusco.
I gaar var vi i det som blir kalla den heilage dalen. I morgon skal vi paa ein to dagars tur til MachuPicchu og saa tilbake hit til Cusco. MachuPicchu er den mest kjente plassen, men det vi allerede har sett er svaert imponerande. Kulturen er saa mektig at det nesten ikkje er til aa tru. Noko av det som imponerer:
- korleis dei planla og styrte eit stort rike utan skriftspraak.
- korleis dei frakta store steinar opp og ned hoge fjell.
- korleis dei bygde med nöyaktig tilhogne steinar.
- korleis dei dei dyrka jorda og utnytta fjellsidene med terassar.
- korleis dei utvikla nye plantesortar i eit antal som verda ikkje kjenner maken til. (Poteten har vi jo fraa dei, men dei har fleire hundre potetsortar, tilpassa ulike miljö)
-dyrkbar jord hadde alltid försteprioritet, saa bodde dei der det ikkje kunne dyrkast mat.
-dei hadde eit enormt vegnett som bl.a var brukt til aa transporteere mat og sikre lager for aartider i tilfelle daarlege tide.
Stort sett levde i fred, men dei kunne ogsaa vere svaert brutale, saa det skal heller ikkje leggast skjul paa bl.a. menneskeofringar.
Den katolske kyrkja staar stekt her men det er mykje blanding av kristendom og gamal Inka-tru. Det blir jo ogsaa litt spesielt naar kyrkja kom hit i lag med vaapenmakta. Det er mange flotte kyrkjebygg fraa 15- og 1600-talet. Det ser ogsaa ut som folket sluttar opp om kyrkja.
Eg forstaar ogsaa at det var stor motstand i denne delen av verda at det var Europa laga eit stort 500-aarjubileum for at Columbus "oppdaga" Amerika. Det var faktisk nokon som visste at dei var her för Columbus og Pizarro kom. Eg trur ikkje dei var i tvil ein gong.

søndag 25. mars 2007

Högde og Titikaka.







Fraa Lima reiste vi rett opp til Puno ved Titikakasjoen som ligg paa 3800m. Her traff vi Gunnveig og Simon. Fredag var vi paa baattur paa Titikakasjoen. Her er det mange som bur paa flytande sivoyar. Vi provde ogsaa aa bruke sivbaat.
Eg reagerte mest paa hogda sjolv om eg har teke tablett mot dette. Vi skulle gaa til toppen av ei oy med stigning paa ca. 100 m. Eg kom desidert sist av alle.
Eg konsentrerte meg om aa flytte beina saa sakte eg kunne. Cecilie var taalmodig og venta paa meg av og til. Det stod visst noko i ei bok om at unge menn med god kondisjon var ekstra utsatt for hogdesjuke. Det er lett aa bli solbrent saa vi brukte faktor 50.
I gaar kveld var vi ute paa byen og spiste ein av fovorittane her: Stekt marsvin. Medan mange i Norge er opptatt av at kjottet skal vere firkanta slik at det ikkje skal visast kvar maten kjem fraa, er dei her tydelege paa aa vise kvar vi faar servert. Hovudet paa marsvinet var det ikkje saa mykje mat paa, men det hadde ein sentral plass paa tallerkenen.
I dag har vi reist med buss fraa Puno til Cusco. Paa turen har vi stoppa og sett paa fleire turistattraksjonar.

torsdag 22. mars 2007

Da er vi i Peru.


Det var ein lang tur over Atlanterhavet. Vi brukte omlag eit dogn. Eg starta som ung, sprek, opplagt ung mann og kom fram som sliten, trott, men lykkeleg bestefar til ein flott gut. (Biletet har eg knabba fraa Simon som vart forst ute.)
Det var kjekt aa kome i seng. No er eg frisk og opplagt klokka er 06.30 men saa er det jo ogsa langt paa dag etter den tidsrekninga som ligg i blodet.
No er vi Lima og skal kome oss med eit lokalt fly til Puno. Der skal vi treffe Gunnveig og Simon saa seinare har vi spansktalande guide.

måndag 19. mars 2007

Peru og Chile.

Da set vi kursen mot Peru og Chile. Vi tek fly frå Gardemoen tidleg onsdag morgon (21/3) og kjem til Lima ca. 02 etter norsk tid og 8 om kvelden etter lokal tid.

søndag 18. mars 2007

Våren i Nistua før vi drar.



























Dette er bestemors hage etter at Arne og Nils Ingar ryddet.
Hvis dere ser godt etter kan dere se 2 av morfars blåveisknopper midt i neste bilde.
Så kommer starten på de ca. 158 blomsterløkene jeg satte utenfor kjøkkenvinduet i høst.
Her er det ikke ryddet...
Spennende å se hvordan det ser ut når vi kommer tilbake etter påske.

Lappeteknikk til misjonsauksjonen

Arne trenger stadig nye ting til misjonsauksjonen, og dette var årets bidrag. Det var jo i februar, men siden dette er mitt første forsøk på blogging, må jeg jo ta noe jeg er allene om.

Trondheimstur til dei nyforlova.

Laurdag 17.mars var vi i Trondheim for å avlevere Robin før turen til Peru. Her var det full aktivitet med siste strøk med måling i daglegstua.
Her ser vi peisen som er ferdig og litt av utsikten mot sør - nesten som å bu på landet.








Frå det som er kombinert stue, kjøkken, spisetue, gjesterom, kontor .... og så må vi bruke stige for å kome hit.



torsdag 8. mars 2007

Snart set vi kursen mot Peru og Chile.


Snart set vi kursen mot Peru. Vi lettar frå Gardemoen tidleg om morgonen onsdag 21.mars. Da kjem vi rett opp i høgder på 4000m og skal møte Gunnveig og Simon. Eg har lenge vore fasinert av Inka-indianarane og dei imponerande anlegg og bygningar som dei laga. Dette blir spennande, og eg håpar eg kan skrive litt på bloggen når vi finn ei datamaskin.

søndag 4. mars 2007

Måneformørkelse, fjelltur og sauklipping.

Vi var heldige og hadde klarver laurdag kveld 3. mars. Vi fekk ein flott total måneformørkelse (har ikkje telelinse så biletet er knabba frå nettet). Elles hadde eg flott fjelltur til Stortuva i dag søndag med silkeføre.
I årssyklusen på garden har eg kome til sauklippinga. Dei fleste leier inn folk frå Australia eller New Zealand, men eg pleier å gjere det sjølv.
I haust var det eit unntak da eg fekk hyra inn ein chilener som kom forbi. Elles må eg få klipt sauene før eg sjølv skal til Chile, sjå nedtelling annan stad på bloggen.