torsdag 20. desember 2007

Litt julestemning.

Naturen med litt hjelp av sola er av og til ein flott kunstnar.





Det er kjekt med litt lys i den mørke årstida. Slik vart juletrea ute pynta i år.



laurdag 15. desember 2007

Julerydding og eit lite eventyr.

Så er det tid for litt julerydding. Ein liten sjekk på kjølerommet før "mattilsynet" rykker inn. Kan bekrefte at 2006 var ein utmerka årgang for Tines vaniljesaus.
Elles er det litt rørande å sjå mamma som reparerer den raude fjøsgenseren min.(Overraska ho og tok ho på fersken)
Og så måtte eg mimre litt over snekkarboden. Eg hadde ein gong ei snekkarbod. ( Ikkje berre Emil som hadde det.) Der hadde eg faktisk litt system og ei hylle med plass til verktøy. Så kom det ein snekkar og hadde store vyer om korleis det kunne bli. Han reiv ned hyllene, og snipp snapp snute så var eventyret ute...........




søndag 9. desember 2007

Julehandel i Trondheim.

Når barnbarn kjem nærmare enn elles er lett å lokke ut besteforeldre.

Det vart handletur i Trondheim, og han som kom heim frå jobb måtte lage middag til oss som berre hadde slitt og streva på byen dagen lang.





Nokon kan i alle fall kunsten å sjarmere.