tysdag 30. juni 2009

Overnattingstur til Stortuva.

I helga fekk vi gjennomført ein tur vi har planlagt og tenkt på lenge - nemleg 2-dagars-tur til Stortuva. Vi gjekk opp til Reinsetvatnet på laurdag. Søndag tok vi turen opp til tuva, og ned igjen til beta-suppe før vi tok telt og soveposar på ryggen. Har du lyst så følg oss gjennom mange bilete frå turen.

søndag 21. juni 2009

Store byggeprosjekt + 4 heldige på Vardhaugen.

Fredag 19.juni vart eit stort byggeprosjekt avslutta. Eg samanliknar med ombygging av Egon på Solsiden Trondheim som eg nyleg var og inspiserte. Det var eit flott resultat men dreide seg likevel berre om nokre månader. Her var det eit prosjekt på nesten eit år som fekk sin avslutning. Etter at stilasmateriala har vore impregnert med H2O i løpet av vinteren vart dei no fjerna og fjølene fekk sin endelege form for å vise sjølve portalen til Drøppingstranda.



I dag hadde vi fjelltur til Vardhaugen i fint ver. Der var det 4 heldige. Ein var heldig som fekk lov til å lage suppe utan at kona ville gå vidare fordi det vart for kaldt, og tre andre som fekk servert suppe. Dessutan fekk vi inspisert nokre saueflokkar. Eg fann også eit dødt lam. Bra for kvart lam eg finn, men eg såg ingen synleg dødsårsak. Det var ikkje påtar på lammet. Det har nok levd heilt til i går.

søndag 14. juni 2009

Draumen om gardkjerring og mykje anna.

Cecilie har fått seg ny hylle på vaskerommet. Og slikt kjem kanskje som resultat av harde forhandlingar i familien.


Draumen om den ekte gardkjerringa i kjeledress er stadig til stades og av og til slår det til.
Her er det veging av lam. Det skjedde fredag 5.juni. Stort sett var det eg som heldt lamma og Cecilie spruta middel mot innvollsorm i munnen + skreiv vårvekt på kvart enkelt lam. Eit lite årleg basketak før alt var ferdig.
Legg merke til lammet bak til venstre. Det vart fødd ein del tidlegare enn dei andre. Bonden har nok ikkje hatt heilt kontroll på bekren i haust. Det hadde ei vårvekt på 42 kg. I min saueflokkk er det normal haustvekt. Legg også merke til eit lam som er svart på hovudet.













Sjølv om det har vore ganske kaldt så har vi fått sjanse til å grille. Det vil gjerne katten også vere med på. Ho/han har fått eiga pute.

Vi har god plass i vårt hus, men det er ganske trongbudd i fugleburet på fjøsveggen. Sjølv om det ser trongt ut er det innafor med det normale med 12 kjøttmeis-ungar i eit reir. Foreldra som flyg ut og inn har ialle fall hatt det travelt.
Bilete er teke 5.juni, men i dag 14.juni var alle ungane ute av reiret.






Vi har importert fleire rhododendron-plater dei siste åra. Fleire er no ferdige med blomstringa, men denne ser flott ut i dag.

onsdag 3. juni 2009

Stor familiefeiring med dåp i Drammen.

1. pinsedag var vi i dåp i Bragernes kirke i Drammen.

Det var ein varm dag for oss som hadde bunad. Derfor var det kjekt med middag i ein sval, god og nyoppussa kjellar.
Det var også ei bestemor til som var stolt.


Men slike dagar er slitsame.




Besteforeldre med dei tre yngste barnebarna.



Jona og bestefar på befaring i nærmiljøet 2.pinsedag.


Og her ein liten collage frå feiringa: