torsdag 21. mai 2009

Ingeborg.

Ingeborg trekte sin siste pust tysdag 12.mai. Onsdag 20.mai hadde vi vi minnesamver der vi delte mange av dei gode minna.
Her kjem ein fotoserie som vart vist på minnesamveret. Eg håpar vi også på denne måten kan dvele ved minna etter Ingeborg.

søndag 10. mai 2009

Foto-eksperiment.

Eg var så heldig at eg fekk lov til å kjøpe meg eit nytt kamera til bursdagen. Ikkje verst i min alder. Det eit Finepix S8000fd. Det er nok ikkje i toppklasse, men inneheld ganske mykje - trur det kan vere passe for meg. Speilrefleks, men ikkje utsktiftbart objektiv. Her kjem det litt eksperiment.

Her kjem eit forsøk på å fotografere ein blomst på ein av Cecilie sine løpararar. Teke med super makro. Diameter på omlag 2 cm.
Dette er ved Dovregubbens Hall. Bruer i 3 generasjonar.
Moskus fotografert ved Kongsvoll. Han låg i andre dalsida i forhold til vegen. Fanga inn med 18Xoptisk zoom + klipt litt i biletet.
Kameraet kan også brukast til video. Sidan det er så mange andre som har baby for tida: Her kjem babyen som eg fekk på bursdagen for nokre år sidan. (Videoen er redigert ned før han vart lagt ut.)

torsdag 7. mai 2009

Bestemor til Bergen.

Medan eg var her og passa mine lam drog bestemor til Bergen i 1.mai-helga. Sjølv om det er berre bestemor som har opplevd det "live", så blir det "nesten live" dette også. Den som god klatrar skal bli bør i alle fall tidleg krøkast. Framleis er det litt testing ute og går her. Dette er no laga i 2 storleikar. Den første er på 10,5MB. Det tek mykje lengre tid å laste opp den største. Den siste vart lasta opp på nytt 10/5. Der er det utan bevegelse på første foto. Dermed er det betre å sjå biletet før videoen startar. Der er det også litt tekst og nokre overgangar.
Viss nokon ser begge to så gje gjerne tilbakemelding om kvalitetsforskjellen er stor eller ubetydeleg.

Først kjem den store.

Her kjem den nye lille som vart lagt ut sist i litt redigert utgave.