søndag 8. mai 2011

Kampen for utsikten - neste akt.

"Ingen skam å snu", "Slutt medan leiken er god" eller andre ordtak kan passe no.  I kampen for utsikt har eg i alle fall gjeve meg i kast med ei veldig stor gran. (Viser elles til første innlegg i seien: 28/2-11)Så har eg da brukt ein del tid på å kappe denne grana - eller rettare sagt: prøve å kappe ho.  No var det tid til å gje opp.
 Sjølv om eg laga dette hakket inn i grana, for å setje motorsaga her, klarte eg ikkje å sage langt nok inn.


Så spørs det da om nokon har fantasi til å lage noko moro ut av dette. Ser for meg at det kanskje kan bli eit klatretårn.  For meir avansert klatring er det spor som kan brukast til å feste boltar i.  Trur det er nok feste igjen i midten av treet.
Time will show.

søndag 1. mai 2011

Filmsnuttar frå påska.

Her kjem litt fleire glimt frå påska 2011 da dei fleste var heime (alle barn og barnebarn).  Flæsa er ein fin plass for å nyte friluftslivet med leikar og svelesteiking.
John Gudmund er ein strerk og populær onkel. Men det høyrer også med til historia at han var litt stiv i skuldrene etterpå.
Leik foregjekk også på loftsstua og utandørs, og leiken tilhører alle generasjonar.
Bonderomantikk er jo ein del av namnet til bloggen. Kombinasjonen av barnebarn og lam er flott.  Utanom sjølve bileta av barnebarn er Catharina ein god kommentator og underhaldar på filmane.