torsdag 25. desember 2008

Jul åleine med drømmedama mi.

Denne jula skulle vise seg å bli litt spesiell.
Men det meste skal sjølvsagt vere som det brukar å vere. Her er det pinnekjøttet som er klar til oppdeling to dagar før jul. Men dette starta sjølvsagt for lenge sidan. Allerede november 2007 gjekk eg tur med bekren for å finne mor til julemiddagen. I april 2008 skjedde den store fødselen, sidan vart det hopping og spretting i garden og etter kvart ut på vårbeite. I juni stod ein langvarig fjelltur for tur og i overgangen august septemer kunne lammet kome ned til haustbeite sidan det hadde fått gå i fred for jerven. Omlag 1.november vart det slakta. Så ei veke til mørning før saltlaken stod for tur i 5 dagar. Resten av tida fram til jul går med til tørking, og så kom det altså på tallerken på juleaften.

Her ligg kjøtt frå sida til lammet i lag med potet og kålrabistappe.




Tidlegare på julaften (kl 13) hadde vi hatt besøk av Nils Ingar og Marie på julelunsj før gudtenesta i Ålvundeid kyrkje.


Sjølv om vi ikkje hadde prøvd å ha julekveld åleine før vi to så gjekk det altså kjempeflott. Tenk å få ha julekveld åleine med den same drømmedama som eg har hatt i 35 år. Julevangeliet, gang rundt juletreet, opning av pakkar og kaffeservering gjekk som normalt. Nei normalt var det jo slett ikkje - vi klarte jo ikkje å lage ring. (fotograf er sjølvutløsaren) Elles må vi jo vere forsiktig med å skrive om kor kjekt vi hadde det her i det offentlege rom - vi ønsker jo mange barn, svigerbarn og barnebarn heim til neste jul.



Cecilie må sjølvsagt leite etter noko i korgene når vi har gått rundt juletreet. Sidan det var ho som hadde lagt oppi visste ho og kvar ho skulle leite. Elles kan vi legge merke til at ho brukar ein kjole ho ikkje har brukt på mange år. Viser elles til "margarinartikkelen" her på bloggen like før jul.


Vi er jo kjent for å handle på tilbud så når ein luksus-dusj kjem på halv pris så unner vi oss litt ekstra til jul. Snekkaren frå Trondheim var med og sette han opp laurdagen før jul. Så i tillegg til å dusje kan vi høre radio, dusje vannrett i ulike vinklar, frå taket eller i skulderhøgde. Vanndamp kan vi også lage med eller utan vifte. Så dette er årets luksus med raud sløyfe frå oss til oss. Viss straumen går får vi dusje normalt ein annan plass.

Men alt nytt vil jo gå ut over nokon. Robin pleier å få kome inn i dusjen etter skogstur, men etter tur til Valåsen på første juledag sa mamma nei, og sette i gang med bøtte i staden. Men for Robin kan det kanskje vere nesten det same. Det er ganske så ufrivillig enten det er slik eller slik.

torsdag 18. desember 2008

Stadig mindre kone til jul.

Om kvantiteten går ned så trur eg kvaliteten går opp, og eg har ein stadig betre turkamerat på lette føtter. Ingen system passar for alle, men for den som er skjemamenneske og systematiker til fingerspissane ser det ut til at www.vektklubb.no kan anbefalast. Kvinners alder og vekt skal jo ikkje røpast, men vi kan jo likevel røpe forskjellen i vekt mellom juni, da medlemskapet starta, samanlikna med i dag 18.des. Vi spurte om å få tømme butikken for margarin i nokre minutt og laga dette illustrasjonsbiletet i bibliotekfilialen, Ålvundfjord. Margarin-pakkane viser vektnedgang i perioden.

torsdag 4. desember 2008

Advent-stemning ved huset.

Advent- og julestemninga held på å sige på plass.

Sidan hagen vart så ryddig etter stor innsats i sommar var det også greit å plassere lys både i tuja'n og i småbuskene (Kanskje "hemlock" eller noko slikt). Det gjekk faktisk å gå rundt buskene ved trappa i år da eg hengte på lysa.


søndag 9. november 2008

100-årsjubileum og langvarige byggeprosjekt.

Nordmøre søndagsskole har akkurat feira 100 år. Det vart eit flott arrangement på Høgtun og aktivitetar i Gjemneshallen i tillegg. Det vart laga eit kor den dagen med godt over 100 songarar. På biletet ser vi "Seven-jentene" frå Drammen som leda an i kor-synginga. Vi var også ein liten gjeng frå Ålvundfjord. Det har vore gledeleg mange på Nikos - som er søndagskolens namn på torsdagsaktiviteten i Ålvundfjord. Vi har vore 22 og 25 deltakarar no dei to siste gongane.




Det er naturleg at store byggeprosjekt tek lang tid. Om det går an å trekke slutninga den motsette vegen er eg litt usikker på. Sidan det tek lang til må det vere eit stort byggeprosjekt!
Den første rivinga starta like før skulestart. På fredag måla eg førstestrøket med kvitt på vinskjeborda. Dette biletet er teke 12.sept.


Slik ser det ut 17.okt.


Her er andrestrøket med raudmåling ferdig 24.okt. Etter eit ekstrra strøk med kvitmåling kan stilasen kanskje rivast før det kjem for mykje snø.
Viss nokon tykkjer det går for seint så må eg legge til at det har vore mykje sauleiting og saukløpping + div. anna bl. a. ei Romareise i mellomtida.

tysdag 4. november 2008

Roma med ettertanke.

Da er det ei stund sidan vi kom tilbake frå Roma så dette blir litt oppsummering og tilbakblikk.

Vi budde på eit hotell som også var kyrkje og kloster. Like etter at vi kom dit starta eit stort arrangement med opplesing av heile Bibelen. Det var eit stort opplegg med vakthald av politifolk, og viss vi ikkje hadde vårt adgangskort til hotellet så kom vi ikkje forbi vaktene.
Folk stod i kø natt og dag i ei lita veke for å delta på dette. Det var eit imponerande syn, og det som vart vist på skjermen som vi ser ute på plassen vart også overført til ein italiensk TV-stasjon. Det er tydeleg at Bibelen betyr mykje for mange Roma-borgarar også i 2008.

I tillegg til det oppsette programmet deltok heile gruppa også på ein dagstur til Pompei og vulkanen Vesuv.
Denne byen vart gravlagt av vulkanen i år 79, og byen viser mykje av livet slik det var på den tida.

Lavaen var ikkje heilt tett. Det vart ikkje hermetisk lukka, men personane rotna og etterlot seg holrom. Under utgravingane helte dei gips i holromma og fekk avstøpningar av personane. Her er det ei ung gravid jente som vart offer for gassane frå vulkanen.


Eit gangfelt frå Pomei. Steinane var avpassa slik at hjula på standardiserte vogner kunne passere. Dei same standardmåla vart seinare lagt til grunn for utvikling av jernbanespor.
Det var praktisk at gangfeltet var heva over gata for det var ein del utslagsvatn som rann i gatene.





Her er vi oppe ved vulkanen Vesuv.



Enkelte plassar kunne vi sjå at det steig røyk opp frå grunnen så vulkanen er enda ikkje død. Eit nytt stort utbrudd kan føre til ein større tragedie enn i år 79.
Folket lever med frykten. To dagar før vi var der kom det to jet-fly i låg høgde og laga mykje lyd. Det hadde skapt frykt for at det var vulkanutbrot.



torsdag 9. oktober 2008

Roma og Petersplassen.

I dag har vi gaatt litt i byen paa eiga hand. Vi var saman med ein del andre i Augustin-kyrkja. Der var det m.a. eit spesielt alter for graviitet og fodsel. Det heng masse baby-ting nede til hogre paa biletet. Bestemor tente lys for dei komande barnebarn.

Slik vil bestemor ha sitt neste hus med fontene midt paa fasaden. Dette er den mest beromte fontena i Roma. Vatnet til fleire av fontene i Roma kan godt drikkast, og vatnet til denne kjem via ein akvedukt som vart bygd i aar 19 e.Kr.

I gaar var vi i audiens hos paven og gruppa fraa Hogtun vart ropa opp saman med mange andre fraa heile verda. Dette biletet er teke via ein av dei store skjermane pa plassen.

Cecilie er ein av dei omlag 30.000 som var til stades.


Etter audiensen hadde vi omvisning i Vatikanmuseet, det Sixtinske kapell og Peterskyrkja. Til slutt var vi oppe paa toppen av kuppelen. Sjolv om vi tok heis eit stykke maatte vi gaa omlag 400 trappetrinn. 138 m over golvet i kyrkja. Her ser vi ut over Petersplassen som no er ganske folketom.



måndag 6. oktober 2008

Paa jakt etter Norge i Roma.

Forst ei spesialhelsing til Simon. Syklane er svaert dominerande i bybiletet i Roma. Dei er jo svaert effektive i tett trafikk.

At Olav den heilage har ei stor stjerne i den katolske kyrkja er jo ikkje saa overraskande. Vi fann eit stort bilete av han ved eit alter i ei av kyrkjene.

Det er ikkje sikkert at alle vil rekne Kjell Aukrust for ein av dei store norske forfattarane, men han var i alle fall i Roma. Han skriv bl.a om utsendingar fraa meieriet i Alvdal som hadde mislykka tur til Roma for aa selge prim. Like ved dette herskapshuset budde Kjell Aukrust. Her fekk han da ideen til namnet Il tempo gigante. Denne filmen er forovrig den einaste video som er i mitt eige.





Viss ikkje Kjell Aukrust er hogkulturell nok saa kan det jo nemnast at baade Bjornstjerne Bjornson og Henrik Ibsen var blant dei mange norske kustnerane som budde ved Spansketrappa i Roma. Men synlege spor finn vi berre etter Sigrid Undset.

Ordet Domus er jo svaert saa velkjent fraa Norge. Dette er namnet paa vaart hotell. I denne samanheng betyr det at vi bur i "domen". Huset er baade kyrkje, kloster og hotell. Vi kom skikkeleg i sentrum for verda med besok av paven som starta opplesing av bibelen. Vi som budde der fekk jo skikkeleg orkesterplass berre vi passa paa adgangskortet vaart.








Ved Collosseum fann eg denne hyggelege dama fraa Norge.

søndag 28. september 2008

Visning...

Nå begynner vi så smått å falle til ro i vår nye "omkalfatrede" tilværelse, (med unntak av Robin som ennå stresser endel rundt for å finne igjen plassen ved spisebordet).
Kose-kaffe-avislese-åpne post-kroken fungerer helt utmerket. Arne har sin egen papirhaug i hyllen ved siden av seg, og der blir det liggende til han synes at det bør ryddes... evt. savner et papir.
Førsteinntrykket fra gangen har blitt mye mer åpent.

Søndeled-kroken er som før, men se den utsikten. Stuen er ikke på langt nær så lang og nostalgien blomstrer på alle hyller.


Her er det blitt lyst og fint, men kanskje litt vel blått.....



Finstua er blitt den nye TV-stua.




...og sånn ser det ut for den som går kjøkkenveien. Her får sauepermene og min PC stå i fred!!!




tysdag 2. september 2008

Trollheimsmarsjen.

Søndag 31.august vart Trollheimsmarsjen arrangert. Det vart ein lang, hyggeleg og sosial tur med over 200 deltakarar. Turen gjekk frå Todalen til Ålvundeid. Idrettslaga på begge sider fylte 100 år.
Her er vi på tur oppver lia mot Ørsalsetrene. Heilt i bakgrunnen kan vi sjå Strengen i omlag same profil som heimefrå.


I gamle dagar hadde garden vår setring her i Todalen. Korleis dei for med krøtera er det ingen som veit. Det har og vore sagt at det står att ei storgryte frå denne tida. Kanskje det er denne? I så fall er ho flytta litt frå Drøppingsetra ....... ?? Kanskje det er gryta mi, men ingen treng å vere redd for at eg skal bere ho heim.
Pause ved Ørsalstrene.



For oss som kjenner fjella frå Drøpping er det greit å kjenne igjen Snøfjellet og Skjæringfjellet. Det er berre at dei er så mykje nærmare no.



Ved Vardan fortalte Kjell Jostein om kontakten som har vore over fjellet mellom dei to bygdene. I bakgrunnen til venstre ser vi den eldste deltakaren på 85 år.









Sjølv kom eg aldri i mål. Ved Grånebba svinga eg opp mot Stortuva for å leite sau. På toppen var eg ganske sliten og det smakte med meir kaffe. (Foto: sjølvutløsaren)

laurdag 30. august 2008

Byggeprosjekt.

Løeveggen mot nord er det første folk ser når dei kjem hit. No blir veggen ny. Når den gamle er rive ned må det også opp ein ny før vinteren kjem.
Familiens snekkar må gjerne uttale seg om stillasbygginga.
Eg tykkjer det er litt høgt på toppen. No kan eg halde meg fast i div. stokkar, men det blir verre etter kvart som meir av veggen blir ferdig. I tilegg må eg passe på at lamma ikkje dyttar bort for mange av støttene.






For tida går storparten av ledig tid med til sauleiting, men i dag (etter ein tur på fjellet) fekk eg da i alle fall slått på nokre bord, så no er eg i gang.

torsdag 14. august 2008

Bergen og havgapet.


Det som vi gjer to år må seiast å vere ein tradisjon. Da gjeld vel det også å dra til Bud for å oppleve havet og feire bryllupsdag. Denne gongen kunne vi markere at vi har holdt ut 34 år med kvarandre. Søndag 10. august tok vi også ein tur ut til Bjørnsund. Fleire familiemedlemmar har vor der før, men for Cecilie var det første gong.


Flott lav på berga på Bjørnsund.
Her går vi frå bebyggelsen på Nordre Bjørnsund mot fyret.





Utanom bryllup har vi vore to turar til Bergen. Den første var på generalforsamlinga i Misjonsselskapet. Den neste var for å vere barnevakter for Jona, bestefar i 3 dagar og bestemor i 7 dagar. Her er eg barnevakt på brygga i Bergen, medan bestemor sørger for opplæringa i drikkekunsten.