laurdag 31. juli 2010

Div. tillegg frå Tyskland og Sveits.

Her er det lagt til litt etter kvart over ein periode på to-tre veker.
Det var mange spennande hus å sjå i Sør-Tyskland. Nokre er også frå Sveits. Dette skeive hotellet i Ulm kan stå som representant for desse husa.

Nedanfor kjem det ein foteserie med ulike hus.

Nedafor er det ein filmsnutt frå Tyskland. Det statrar med importerte lirekassedamer frå Norge. Elles litt frå hagen til Ludwig 2, blomsterøya og Kielferga.

Her følger ein film frå Sveits der kyr beita opp til 2000 m. o. h.

torsdag 29. juli 2010

Tur til Oberammergau og Sveits.

Dette er starten på blogginga frå turen til Tyskland/Oberammergau og Sveits. Det kjem meir både av tekst bildeseriar og filmsnuttar i løpet av dei første vekene.
Med ny byss med reklame frå Geiranger var det lett å legge merke til oss der vi reiste gjennom Europa.
Etter 2 timar med kjøring brukte det å vere kafferast ved sida av bussen.

Like over grensa til Tyskland (frå Danmark) fann vi to bord som viste at svenskar og danskar var velkomne, men kva med nordmenn?
I bussen hadde vi lese eventyret om rottefangaren i Hameln før vi stoppa og gjekk rundt i den hyggelege byen.
Så kom vi til Oberammergau som kvart 10.år framfører eit pasjonsspel. Dette er ut frå eit løfte som dei gav da dei slapp unna pesten i 1633. For full informasjon om spelet: Sjå sidene til reiseselkapet vårt Si-reiser. Trykk på Oberammergau for å få opp eit eige dokument. Dette er frå utstillinga i museet. Det var ikkje lov å fotografere under sjølve spelet.
Dørvakta i museet er ein typisk representant og han har nok ein rolle i spelet saman med 1600 andre. (Omlag ein tredel av befolkninga) Mennene lar skjegget vekse frå påske året før.
Her sit vi klar i hallen som har plass til 4700 personar. Det var ei flott forestilling i to delar. 14.30 til 17.00 og 20.00 til 23.00. Ganske imponerande at mange av dei som stod på scena også skulle servere lunsj og middag til oss som såg på. Og dette held dei på med i 4 mnd.
Her er ein del av bussane som stod klar da forestilla var ferdig kl. 23.
Neste dag var vi innom 4 land. Tyskland, Østerrike, Liechtenstein og Sveits.

I Sveits fekk vi ha same senga i 4 netter. Vi hadde ein flott dag i Alpane. Her sit vi på ein av gondolbanane.
Men vi gjekk av for å gå til fots frå 1700 m til 2250 m.o.h.
Det var grøne beitemarker heilt til toppen.
Desse blomstrane var plukka på 2250 m.o.h. Det er mange av dei blomstrane som veks i låglandet i Norge.

Vi gjekk også tur på oppbygde bruer langs eit juv der elva har grave seg ned. Det var både trongt og luftig enkelte plassar.
Besøk på ei spesiell blomsterøy like etter at vi kom over grensa til Tyskland.

Handlegata på Kielferja.

Cecilie i vinden på Kielferja med måneskin. Og så kjem det meir stoff frå turen etter kvart.

søndag 11. juli 2010

Busmarsjen 2010.

Busmarsjen er ein fin kombinasjon av trim, flotte fjell og industrihistorie. Turen går langs den gamle jernbanetraseen frå Aura-utbygginga. Veret var fint i dag 11.juli. Det var 4 busslastar med folk som vart frakta opp i fjellet.
Ganske imponerande av Cecilie å debutere på den lange marsjen i ein alder av 59 år. Vi kjente det godt i beina etterpå begge to.
Her gjekk det jernbane og det er mykje arbeid som ligg bak ein slik trase midt oppe i glatte fjellet.

Her blir ein foss (trur vatnet kjem frå Reinsvatnet) fanga inn i tunnelen og blir med i lag med det andre vatnet ned til Aura kraftverk og bidrar til å produsere aluminium.
Utsikt ned mot Dalavatnet.
Her kom jernbanen (trallebanen) opp til Toppheis. Bygd etter same prinsipp som Fløybanen i Bergen. Plakaten nedanfor står på Toppheis og viser korleis banen fungerte da han var i bruk.

Så startar den bratte vandringa ned til Dalen, og nede i Litledalen fortset turen på enda ein jerbanetrase.

Saftstopp ved Toppheis.
Så kan det siste biletet vere til ettertanke. Er dette etterlatt søppel eller er det industri/kultur-hitorie?