søndag 27. april 2008

Koner er ikkje kva dei eingong var.


---- eller kanskje har dei aldri vore det.

Er i alle fall vandt til at dei overlater til mannfolk eller andre som har greie på det når dei skal i gang med vidløftig datateknikk eller andre tekninske duppedingsar.

Først vart det bærbar PC til bursdagen. No har ho også vunne I-pod på NMSU-lotteriet for Phillipshaugen. (Det kan vel også seiast at ho skrapa så mange lodd at vinnarsjansen vart ganske stor - ja kva gjer ein ikkje for å støtte aktive barn i ei svært god sak)

Resultatet er i alle fall at det nesten ikkje er fred å få under den høgtidelege søndagsmiddagen med pølser og potetmos før turgåing.

For ho skal jo både laste inn CD og overføre til og synkronisere med I-pod samtidig, og plutseleg kjem det lyd frå begge delar. Då må det vel bli ekte stereo.
------ Og enda har ho ikkje spurt om hjelp ein einaste gong, ------ litt ergerleg og.

søndag 13. april 2008

Vårens vakraste eventyr + ei gåte.

At lamminga er vårens vakraste eventyr er kanskje sideredatøren i denne avisa ikkje enig i, men det får så vere.
Men lammainga er i alle fall godt i gang. Status da eg gjekk inn for å sjå opera i går kveld: Ein ny fersk trillingsau. Status 4 trillingsauer, 2 tvillingsauer og ein med enkeltlam. Til saman 17 lam.
Så til samtalen ved frokosten som herved blir sett op som ei gåte sidan det var så vanskeleg å forstå for dei to andre (JG + sideredaktøren) som deltok på frokosten.
I dag var det berre 3 trillingsauer.
Har eit lamma daua i natt?
Nei.
Er eit lam adoptert?
Nei.
Har du kome ut av tellinga?
Nei.
........................................... Der stoppa fantasien. Kven har den riktige løysinga først?