torsdag 15. oktober 2009

Haustferie med barnebarn.



Her er vi ute på Bragernes Torg. I bakgrunnen ser vi kirka der Eldbjørg vart døpt. For oss som kom frå Nordvest-landet var det ganske spesielt å oppleve 2 dagar med finver.






Vi gjekk også til Spiralen og den bratte Sikk-sakken nedover til byen igjen.
Men dei fleste bileta vart jo teke av ho Eldbjørg i ulike posisjonar på golvet.


Bestemt dame i Drammen. I denne filmen var vi også ganske enige om målet. Dermed kunne fotografen ligge klar ved målet for turen.


Men slik var det ikkje alltid. Her låg også fotagrafen klar ved det som var målet(for fotografen). Men ho sjøl hadde eit heilt anna mål........


laurdag 3. oktober 2009

Dyr på Vestlandet, Drøpping -Bergen

Midt i jaktida går det ein del rådyr like ovanfor huset vårt. Ei rådyrgeit med tre kje er stadig å sjå. Av og til er det enda fleire å sjå.

Det var også liv og røre i dammen ved Bergenshallen for nokre veker sida. Jona sørger for at endene får mat.