søndag 27. oktober 2013

Sommar om hausten.

I haustferien dro vi til Alanya i Tyrkia. Det betyr sommar om hausten.  Da er det meir behageleg sommartemperatur ved Middelhavet enn i juli - etter mi meining.
Vi var på stranda og bada kvar dag.  Men sidan dette er så vanleg har vi ingen foto frå dette.
Men å lure med seg kona på rafting er litt meir eksklusivt. Her har vi heller ingen eigne foto, for vi kunne ikkje ha med oss kamera under slike forhold.  Men det går an å få kjøpe slikt.
Søskenbarnet mitt Anders har leilighet i Alanya og han vart med oss på turen. Her er han og Cecilie fotografert med eige kamara før avgang. 
 Moro å prøve noko nytt og eksotisk. Her er det små fiskar som gjennomfører fotterapi. 
 Ein viktig del av ferielivet er å gå på restaurant. Det var mange fine plassar der det gjekk an å innta eit betre måltid, og maten var ofte både god og såg spennande ut.

Påvirkning frå Norge var slett ikkje ukjent.  Namn frå Trondheim fann vi i hovudgata der vi budde og nordiske flagg hang på hotellet vårt.

 Ein annan plass i byen fann tekst både om coop og vinmonopol, systembolag.
 Det er fleire holer i fjellet. Her har vatnet  vaska ut kalken over lang tid. Dette ligg i sentrum av Alanya og derfor ligg det også godt til rette for turistar og inngangspengar.

 God utsikt over byen frå ein uterestaurant.

 Hotellet vårt heiter Alanya Dreams. Her ser vi at inngangen er bygd slik at to hus er teke i bruk som eit hotell. Og så ser vi litt nærmare på ho som sit i "lobbyn."

Ein kveld var det ikkje berre middag, men fullt show i eit gamalt slott. Dette er eigentleg ein gamal overnattingsplass for kamelkaravaner langs Silkevegen. Nedanfor kan du sjå små glimt frå eit langt show med ulike tyrkiske folkedansar.



Ved Alanya ligg ei borg som har spela ei sterk rolle både for sjørøvarar, romerske keisarar og Kleopatra frå Egypt. Badestranda vi ser i bakgrunnen på det nederste biletet heter "Kleopatrastranda."

Her er vi på ei utflukt der vi er innom ein som lagar mykje fint av lokale steinar.(onyx)
Her sit vi ved svært låge bord på flåtar i elva nedanfor ei demning. Her blir det laga elektrisk straum for Alanya. 
Vi var også litt ute for å prøve oss på enkle kjøretøy. Vi prøvde sykkel med motor/batteri. Men sidan batteri fort blir tomme konkluderte vi med at den klassiske sykkelen utan batteri fungerte best. Da kom vi også ein tur til sjømannskyrkja like ved Alanya. Der vart det sjølvsagt kaffe og vaflar.