måndag 20. juli 2009

Bryllupsfeiring på Phillipshaugen.

Marie og Nils Ingar sa ja til kvarandre 12.januar, men bryllupsfesten vart feira på Phillipshaugen 18.juli.


..........." med kjerringa til hest" er ei kjent strofe frå poesien og erfaringa.


Her ser vi ein del av forsamlinga. I bakgrunnen ser vi teltet der vi hadde eit flott måltid med grillmat.

Brudeparet forsyner seg med grillmat.




Hjortelåret som har vandra i dei Drøppingske skogar blir her teke fram frå jordgropa. Grillmesteren ventar spent i bakgrunnen.
Da brura tok på seg brudekjolen kom dei ut frå eit røyklagt "Madagaskar."

Tradisjonen frå "Buvang Mekk" sette eit hyggeleg særpreg på kakebordet.

torsdag 9. juli 2009

Traktor og barnebarn.

Det er kjekt med sommar og barnebarn som har tid til å vere ei stund slik at vi rekk å bli litt kjent. Her er det Jona og Cecilie som har kome frå Bergen til sommarvarme og bading.






Men også om sommaren er det ting som skal gjerast på ein gard. Her er det Jona og bestefar som reparerer hjulet på traktoren.

Etterpå er det klart til å kjøre avgarde for å hente vatn i møkkavogna. Ein til å gi gass og ein til å styre.