onsdag 16. november 2011

Sondre i Bergen.

11.-13. nov var vi igjen i Bergen for å oppleve eit nytt barnebarn. Sondre vart fødd 4.november.

 Cecilie går ikkje langt utan kua.
 Jona med lillebror på fanget. Dei sit i skuvsenga frå Drøpping/Lesja.
 Her er Cecilie saman med Anna som også er på besøk.
Det vart ein del forsøk på familiebilete som skulle til lokalavisene. 

 Dette "glade" eksemplar vart valgt ut og vart i dag sendt til Aura, Driva og VL.
 Cecilie i lag med Sondre.

Vi var også på bytur saman med Jona og Cecilie.  Marie og Anna kom etterpå. Målet var akvariet. Der såg vi på fisk, pingvin og selar.  Men mating av slangar var nok toppen.

tysdag 15. november 2011

Glimt av "Trønder"-barnebarna.

Vi ser stadig at vi ligg etter når det gjeld blogging om besøk hos våre barnebarn.  Først på oktober var vi på besøk i Malm.
 Her er det mykje "hage-gener" så da er det berre å videareutvikle dei også.

 Bestemor med Signe på fanget.
 Eiliv i "innemodus."

 Bestefar prøver seg på litt mating.
 Bestefar tok ein spasertur med "dobbel-dekkeren"
Signe prøver alle sjarmtriksa ved bordet.