Gode minne går det an å leve lenge på. No har eg friska oppatt litt minne frå jula og sett saman ein del filmglimt. Sjølvsagt med barnebarn i hovudrollane.
Det er greit å bu på landet. Du slepp den lange turen til hytta. Du er rett og slett i naturen allerede. Der kan du gå på ski, hogge ved, sy, mate lam, gå på fjelltur, fiske, plukke bær, forhauste eller bade i sjøen. Og viss nokon vil rydde i hagen så er det berre å kome.
Gode minne går det an å leve lenge på. No har eg friska oppatt litt minne frå jula og sett saman ein del filmglimt. Sjølvsagt med barnebarn i hovudrollane.

Midt i jaktida går det ein del rådyr like ovanfor huset vårt. Ei rådyrgeit med tre kje er stadig å sjå. Av og til er det enda fleire å sjå.
Det var også liv og røre i dammen ved Bergenshallen for nokre veker sida. Jona sørger for at endene får mat.

