søndag 21. oktober 2007

Litt nytt på badet.

Vi kan vel ikkje skryte av opppussing av bad slik som enkelte andre familiemedlemmar, men litt nytt vart det også på badet hos oss. Vi bestilte allerede i juli, men med ventetid, litt somling av oss før opppakking, retur og ny venting vart det 20.oktober før alt var på plass. Det siste skapet komm da på plass same dag som det kom i hus.
Slik såg det ut før.

Slik ser det ut no.

fredag 12. oktober 2007

Norge i eit nøtteskal.

Vi valgte å bruke litt av haustferien til å vere ekte turistar i eige land. Turen starta på Oppdal med å parkere Robin hos Marit. Nattog til Oslo foregjekk i sittande stilling. Under frukosten i Oslo fekk vi hyggeleg besøk av Gunnveig og Simon. Så starta turen som heiter "Norge i eit nøtteskal". Vi reiste med det vanlege toget mot Bergen til Myrdal. Vi fekk personleg guiding av ein pensjonert lock-førar som sat ilag med oss. På Myrdal gjekk vi over på den kjente Flåmsbana ned til Flåm. Banen er veldig bratt og går bl.a i ein stor u-sving inne i fjellet.

Her er det administrerande direktør for turen som held styr på billett-heftet. Vi er på veg ned mot Flåm.

Ein flott foss på Flåmsbana. Vidare gjekk turen med båt frå Flåm til Gudvangen, buss til Voss og tog frå Voss til Bergen. Vi var dei einaste på turen som snakka norsk. Elles var det mange turistar frå Japan.
Så kom vi til Bergen der vi bl.a. var på besøk i ein symaskin/ stoff-butikk der eg fekk lov til å dra kredittkortet før vi gjekk ut.
Etterpå fekk eg anledning til å bade Jona med masse spruting.