søndag 25. februar 2007

Sjøis på Todalsfjorden



På Todalsfjorden har sjøisen ligge ganske lenge denne vinteren. I Ålvundfjorden forsvann isen p.g.a. sterk vind for nokre dagar sidan, men her ligg isen dei fleste plassane. Søndag 25.febr var det isfiske midtfjords og vi kunne prøve skeisene. Isen dreiv litt ut frå land så det var godt med god fart på sparken da vi skulle i land igjen. Fotografen med hund kom ikkje utpå.

tysdag 20. februar 2007

Falsk vår om vinteren.



Litt mimreoversik med Åsbøsnyta og Nordvikstranda i bakgrunnen. Her ser det igjen ut til å vere lammingstid eller vår, men det er også berre lureri. I skrivande stund er det sjøis og 8-10 kuldegrader.

laurdag 17. februar 2007

Strengen

Her var vi på Strengen. Derifrå har vi fin utsikt mot Drøppingstranda, men dette biletet er meir prega av kontakt ut mot den store verda med mange slag signal. Sjølv har eg akkurat målt mine signal gjennom SuCom til 414 kbit/sek Nedlasting og 317 på opplasting. Det er vel ikkje så veldig fort.