torsdag 25. desember 2008

Jul åleine med drømmedama mi.

Denne jula skulle vise seg å bli litt spesiell.
Men det meste skal sjølvsagt vere som det brukar å vere. Her er det pinnekjøttet som er klar til oppdeling to dagar før jul. Men dette starta sjølvsagt for lenge sidan. Allerede november 2007 gjekk eg tur med bekren for å finne mor til julemiddagen. I april 2008 skjedde den store fødselen, sidan vart det hopping og spretting i garden og etter kvart ut på vårbeite. I juni stod ein langvarig fjelltur for tur og i overgangen august septemer kunne lammet kome ned til haustbeite sidan det hadde fått gå i fred for jerven. Omlag 1.november vart det slakta. Så ei veke til mørning før saltlaken stod for tur i 5 dagar. Resten av tida fram til jul går med til tørking, og så kom det altså på tallerken på juleaften.

Her ligg kjøtt frå sida til lammet i lag med potet og kålrabistappe.




Tidlegare på julaften (kl 13) hadde vi hatt besøk av Nils Ingar og Marie på julelunsj før gudtenesta i Ålvundeid kyrkje.


Sjølv om vi ikkje hadde prøvd å ha julekveld åleine før vi to så gjekk det altså kjempeflott. Tenk å få ha julekveld åleine med den same drømmedama som eg har hatt i 35 år. Julevangeliet, gang rundt juletreet, opning av pakkar og kaffeservering gjekk som normalt. Nei normalt var det jo slett ikkje - vi klarte jo ikkje å lage ring. (fotograf er sjølvutløsaren) Elles må vi jo vere forsiktig med å skrive om kor kjekt vi hadde det her i det offentlege rom - vi ønsker jo mange barn, svigerbarn og barnebarn heim til neste jul.



Cecilie må sjølvsagt leite etter noko i korgene når vi har gått rundt juletreet. Sidan det var ho som hadde lagt oppi visste ho og kvar ho skulle leite. Elles kan vi legge merke til at ho brukar ein kjole ho ikkje har brukt på mange år. Viser elles til "margarinartikkelen" her på bloggen like før jul.


Vi er jo kjent for å handle på tilbud så når ein luksus-dusj kjem på halv pris så unner vi oss litt ekstra til jul. Snekkaren frå Trondheim var med og sette han opp laurdagen før jul. Så i tillegg til å dusje kan vi høre radio, dusje vannrett i ulike vinklar, frå taket eller i skulderhøgde. Vanndamp kan vi også lage med eller utan vifte. Så dette er årets luksus med raud sløyfe frå oss til oss. Viss straumen går får vi dusje normalt ein annan plass.

Men alt nytt vil jo gå ut over nokon. Robin pleier å få kome inn i dusjen etter skogstur, men etter tur til Valåsen på første juledag sa mamma nei, og sette i gang med bøtte i staden. Men for Robin kan det kanskje vere nesten det same. Det er ganske så ufrivillig enten det er slik eller slik.

torsdag 18. desember 2008

Stadig mindre kone til jul.

Om kvantiteten går ned så trur eg kvaliteten går opp, og eg har ein stadig betre turkamerat på lette føtter. Ingen system passar for alle, men for den som er skjemamenneske og systematiker til fingerspissane ser det ut til at www.vektklubb.no kan anbefalast. Kvinners alder og vekt skal jo ikkje røpast, men vi kan jo likevel røpe forskjellen i vekt mellom juni, da medlemskapet starta, samanlikna med i dag 18.des. Vi spurte om å få tømme butikken for margarin i nokre minutt og laga dette illustrasjonsbiletet i bibliotekfilialen, Ålvundfjord. Margarin-pakkane viser vektnedgang i perioden.

torsdag 4. desember 2008

Advent-stemning ved huset.

Advent- og julestemninga held på å sige på plass.

Sidan hagen vart så ryddig etter stor innsats i sommar var det også greit å plassere lys både i tuja'n og i småbuskene (Kanskje "hemlock" eller noko slikt). Det gjekk faktisk å gå rundt buskene ved trappa i år da eg hengte på lysa.