laurdag 21. juli 2007

Klatraren Robin.

Det er greit når jobben blir ferietur. Eg skulle gå til Kamman for å sjekke eit dødt lam. Marit har fått bilete av innvollane etter opning og sjekk av diverse. Viss fleire vil sjå kan det sendast på e-post, men kan elles spare svake sjeler for slikt. Men det vart ein flott dag og Robin og eg berrre gjekk og klatra stadig vidare. Han er sanneleg flink til å klatre. Vi gjekk turistlinja frå Vardhaugen til Stortuva utan problem. To gamle menn i vår beste alder.

Den klassiske utsikten på toppen av Stortuva. Her er vi midt i ferieparadiset i praktfullt ver. Men eigentleg er det sauebonden som er på jobb. Vi fann fleire grupper med suar og lam. Men det manglar dessverre fleire lam.
Utsikt mot Smisetnebba.

Her ser vi mot Grånebba (frå.v) Skarfjellet, Virumkjerringa, Dronningkrona og Mohaugen. Eg har faktisk ikkje vore vore på nokon av dei 3 siste. Men elles føler eg meg sprek og klar til for å guide til Innerdalstårnet.
Flott himmel i Sør-Amerika. Men regnboge over Midtknuken og Rambjøra er heller ikkje å forakte. (Dette er teke nokre dagar før)

Eg har også vore to dagar i Trondheim og øvd meg på å pusse murar. Det går greit å pusse når massen blir profesjonelt blanda.













Marit nærmast og Håvard i bakgrunnen. Her blir det parkeringsplass med bod under. Ny trapp til sokkeletasjen bør det også bli for vi reiv den midlertidige trappa for å få til å pusse murane.(Denne gongen har eg forminska bileta før eg la dei ut. Prøvde å eksportere til eiga mappe med Picasa før utlegging -anbefalt av NI. Viss nokon ser noko positivt eller negativt så er eg takknemleg for respons.)

Ingen kommentarer: