tysdag 17. juli 2012

Shetland - Gann-tur.

 Vi har vore på på "cruise i Vesterled" med Gann. Gann  har tidlegare vore hurtigrute under namnet Narvik. Vi var 220 passasjerar på turen.
 Lundefuglen var ein populær fugl både på Shetland og Færøyane.
 Her er det første vi såg på Shetland. Vi kom inn til Lerwick. Ein av dei store store forskjellane frå Norge er at det manglar skog. Men det er gode beitemarker for sau.
 Losbåten har akkurat sett losen ombord.
 Når det ikkje er skog er det også naturleg at husa er bygd av stein. 

 Allerede første dagen i Lerwick fann vi ein stoffbutikk - og ferien er redda.
 Vi var ute ein kveldstur i ein mindre båt med 12 personar. Da fekk vi sjå fisk, sel og fuglefjell og vi kunne segle i grotter i fjellet.


 Glimt frå eit av fuglefjella.
 Det ser ut som fine badestrender, men temperaturen fristar ikkje til bading så veldig ofte. Det er normalt med kald vind.
 Dei har sterke tradisjonar med å bygge av stein. 
 På Jarlshof var er det funne hus som er 4500 år gamle. Kulturen var prega av runde hus. 
 Vikingane frå Norge kom med tradisjonar med dei rettvinkla husa.
 På sørenden av øya bryt bølgene mot kysten, men her er det også eit fint fuglefjell med b.a. lomvi og lundefugl.
Denne lundefuglen var ikkje så veldig redd. (Men det er fotografert og filma med sterk telelinse)
Filmsnutt av lundefugl nedanfor. (Endra 22/7 til You-Tube)



Vi kjenner bl.a. Shetland frå 2.verdenskrig da det var ein del illegal trafikk over frå Norge. Shetlands-Larsen er eit kjent namn.  Men trafikken hadde sin pris. Denne minnestøtta inneheld namna på dei som mista livet i denne trafikken. 
Vi sit elles igjen med eit inntrykk av at  øyane i vest gjerne vil ha meir kontakt med Norge. Sjølv om Vikingane ikkje alltid for så fint fram, har dei ikkje skremt bort folket på øyane.  Dette var ein gong norsk område og mange kunne nok tenkt seg at det fortsatt var slik.  Jens Stoltenberg var da også ein tur vestover og innvidde eit museum 17.mai i år.

søndag 1. juli 2012

Trollkyrkja.

Trollkyrkja som ligg like ved Brandsætra, på grensa mellom Eide og Fræna, har eg lenge tenkt at eg skulle besøke.  Søndagen etter slektstemne hadde vi rusta oss med tur-tøy og "hau-løkter."
 Her har vi starta på turen oppover. 
 Trolsk foto frå infotavla.
 Her står vi i opninga der vi skal starte å gå 70m inne i fjellet. Det er mykje kalkstein i fjellet i dette området, og her har da elva vaska ut kalken.
 Lykt er ganske så nødvendig.
 Dagslys igjen. 
 Men det går inn igjen i nye holer.
 Juni med snøsmelting må vere ei flott tid for å sjå Trollkyrkja.
 Her ser vi ned i fossen som stuper inn i den mørke Trollkyrkja. 
Utanfor lyser den fotogene mogopen opp.
MEN: No har den våkne fb-venn og botaniker Kari Sødal gjort meg oppmerksom på at dette ikkje er mogop, men reinrose. Og ho har heilt rett.

Slektstemne i Brandsæterslekta.

15.-17. juni hadde vi slektstemne i Brandsæterslekta. Etterkomarane etter Peder Kroppe Brandsæter(min oldefar) utgjer no ei svært stor slekt. Vi var samla på Molde folkehøgskole, men desse bileta er frå Eide. 
 Her er slektsgarden Brandsætra.  Min bestefar (som døde tidleg) og mi bestemor hadde også denne garden ei stund.
 Samling i Eide kirke. 
 Grava til oldefar.
 Her står eg saman med mine søstre, Ildri og Gerd ved grava til bestefar.
Her har tante Marit samla sine etterkomarar ved grava til onkel Peder.(bror til mor Eldbjørg)
På søndag tok vi ein tur til Trollkyrkja som kjem i eige innlegg.

onsdag 6. juni 2012

Ved-arbeid.

Det blir mest blogging frå ferieurar, fjellturer og barnebarnbesøk. Men denne handlar om ein av jobbane i årets rytme. Veden skal vere ferdig til pinse sa far, men det vart det ialle fall ikkje i år.
 Her er det vanleg arbeid med kappkliva. Da Sagar eg først veden, og så dett vedkommen ned til kliving.
 Men i år har eg ekstrå mykje store tre, og da må eg sage dei med motorsag først.

 Denne er er på grensa av det eg klarer å løfte. Men viss han først får plass er det krefter i maskineriet. Bjørk blir oftast rekna for å vere den beste veden.

 Her er det ein furukomme som er klar for kliving.
Og her begynner enkelte bitar på å bli delt opp. Ein slik komme må klivast mange gonger. 
Men kvifor held eg på? Delvis fordi det stadig skal ryddast ein del plassar. I år gjerde Dagmar litt forarbeid.  Men kanskje er det det gamle samlarinstinktet som driv meg. For når eg er ferdig så har eg eit stort problem. Kvar skal eg gjere av all veden?  I skottet og på låven er det meir enn nok frå før.
Da er det kjekt om nokon vil kome og kjøpe. Ekstra kjekt når eg kan selge rett frå vedungen.

Nedanfor er det ein fillmsnutt frå YoyTube som viser litt av arbeidet.

søndag 3. juni 2012

Pinse med segling og lam.

1. pinsedag reiser vi ofte til gudsteneste i Stangvik. Denne gongen fekk vi segltur saman med Marie, Nils Ingar, Anna og Anne Marie.  Her har vi kome på land i den nye flotte hamna ved kyrkja.

 Her stoppa vi på grava til Ingeborg og Gudmund. Tante/onkel og steforeldre til far Nils.
 Anna ved døra på Buvang.
 Anna var med på å sleppe ut sauene om morgonen.
 Seinare på dagaen var vi ute for å mate sauene med kraftfor.


 Cecilie har klipt og sydd om gamal duk for søndagsfrokosten.
 ... og så lenge det er nok stoff og tråd, og symaskina går er ho så blid så.....
Mai med kvitveis er ei fin tid. ....det var i alle fall det før den nye store grøne vinteren kom.
Den kjente og klassiske utsikten utover fjorden frå Kammen.

søndag 6. mai 2012

Om å slå kona mi på hennes banehalvdel.

Ja, da vi kan konkurrere om både det eine og det andre. Nei, vi konkurrerte ikkje om å kome først til Kammen i dag.  Men ho utfordra meg til å gå på Kammen utan termos, og det klarte eg. Til gjengjeld fekk eg lage ei kanne straks vi kom heim.
Men denne gongen skal eg slå ho, på hennes banehalvdel.  Ho pleier jo å sy om våre turar og så blogge om det ho har sydd etterpå.  No har ho sydd ferdig ein løpar med fiskemotiv. I haust da vi var i Allanya i Tyrkia budde vi på Balik hotell.  Det gjekk under "hotellet med fiskane."
Ovanfor ser du fiskane på løparen og nedanfor ser du fiskane på hotell-veggen. Og om ei stund kjem nok også temaet opp på "lappe-bloggen". Men eg vart først så..................       Arne

tysdag 1. mai 2012

Fint flagg mot flotte fjell ved Todalsfjorden.

Flagget vårt er rett og slett flott, og står som symbol for eit godt land.
 Inntrykket blir ikkje noko dårlegare når vi ser det mot dei flotte Todalsfjella.
 Eg vaks opp ved denne fjorden og vart vandt til at naturen ganske enkelt var slik. Det var Cecilie som hjalp meg til å sjå at det er fint her.