Det er greit å bu på landet. Du slepp den lange turen til hytta. Du er rett og slett i naturen allerede. Der kan du gå på ski, hogge ved, sy, mate lam, gå på fjelltur, fiske, plukke bær, forhauste eller bade i sjøen. Og viss nokon vil rydde i hagen så er det berre å kome.
søndag 28. november 2010
På besøk til Anna m. fl. i Bergen.
Besteforeldrene møttes i Bergen på "visning" nest siste helga i november. Anne Marie og Bjørn var klar til å dra den dagen vi kom.
Her er det bestemødrene som beundrar lille Anna som vart fødd 24.okt på sjøvaste FN-dagen og sørga for å kome først i rekka av bursdagar i familien. Mamma held seg forsiktig i bakgrunnen.
Her er ho med raudt hår og rosa hårklemme.
Foreldra fekk også lov til å halde henne for å ta bilde. Eit tilsvarande bilete er sendt til VL, Romsdals budstikke, Driva og Aura Avis denne veke.
søndag 14. november 2010
Kvardagen sine små utfordringar!
Når dei store problema manglar får ein prøve å løyse dei små utfordringane i kvardagen. Men ordet kvardag er jo også ganske misvisande for problemet oppstod under sjølvaste søndagsfrokosten. Det er jo da vi har kokt egg. Elles ville vel heller ikkje problemet oppstått. Eg lasta godt opp av egget og la det flott utover brødskiva, løfta ho mot munnen og vips så .......
No er det sjo slik at alle problem kan løysast med etterpåklokskap. Den som ser godt på biletet kan sjå at der ligg både gaffel og kniv som Cecilie har lagt utover. Elles så går det jo an - i god amerikansk stil - å anlegge sak mot bakaren - og det var ikkje eg. Men bakaren var tilstades da dette hende.
tysdag 9. november 2010
Julemiddag og sauens indre.
Da ligg pinnekjøttet i saltlaken så middagen til julaften skulle vere sikra i år også. I år fann eg også ut at eg ville dele mine inntrykk på bloggen. For nokre år sidan slakta eg i lag med Marit -veterinæren. Simon og eg var ivrige elevar. Noko av det vi såg på da har eg no fotografert.
Dei som berre likar firkanta kjøtt kan godt stoppe her, og hoppe til neste innlegg.
Her er bekre-lammet ferdigslakta og klar til å mørne i 40 døgngrader. Det betyr at viss det er omlag 5 grader skal det henge i 8 dagar.
Her er magesekk og tarmar som eg ikkje brukar til noko, men tarmane var tidlegare brukt som pølseskinn.
Magen til drøvtyggarar er ganske samansett. Først kjem det til den store vomma som var med på biletet i lag med tarmane. Etter at det har vore opp i munnen til ekstra drøvtygging vandrar det frå den eine "sekken" til den andre. Denne heiter nettmagen. Når vi ser innsida av nettmagen så er det ikkje vanskeleg å forstå grunnen til det namnet.
Dei som berre likar firkanta kjøtt kan godt stoppe her, og hoppe til neste innlegg.
laurdag 23. oktober 2010
Helgetur til Drammen.
16.-17. tok vi ein helgetur til Drammen, og da vart det nokre bilete av Eldbjørg. Vi hadde bytur på laurdag og tur i Drammensmarka på søndag.

No fekk vi sjå den nye verandaen som vart laga i sommar.

tysdag 12. oktober 2010
Aktiv haustferie.
I første del av haustferien var vi til Malm. I tillegg til å vere besteforeldre vart det og tid til å delta i alt det som skjer på garden - alt frå fjøsbygging til sortering av lam, men det vart visst ikkje med på bilete. Viser elles til at Marit har laga ny heimeside for salg av bl.a. saueskinn. Link til denne sida står på vår blogg, eller gå direkte til: http://www.bergvoll.no/
Åsbøsnyta.
26.september tok vi ein fjelltur på Nordvik, til Åsbøsnyta. Dette er eit fjell eg har sett rett bort på i snart 60 år, men har aldri vore der før.
Vi ser over fjorden mot Nordvik og Åsbøsnyta.
søndag 19. september 2010
Historisk dag.
For den som leitar etter historiske situasjonar, så kan ein stadig finne dei. Dette var første gongen Cecilie har vore med meg for å ta opp garn. Det er ikkje trygt at gamle menn gjer slikt åleine. Forresten ikkje så ofte eg set garn heller da. (Dette biletet er teke med telefonen)
Vi fekk sei, pigghå og lyr. Det skal bli til fiskepudding. Men vi fekk også ein som hadde form som ein makrell, men det var mykje som ikkje stemte. Eg har sendt etterlysning på face-book om nokon veit noko om denne. Ut frå ei fiskebok må det vere"tagg-makrell", og er visst sjeldan i Midt-Norge. John Gudmund har allerede svart på fjes-boka og meiner det kan vere ein fisk. Kanskje har han rett. Vil gjerne ha fleire tips eller erfaringar med denne fisken.
Vi fekk sei, pigghå og lyr. Det skal bli til fiskepudding. Men vi fekk også ein som hadde form som ein makrell, men det var mykje som ikkje stemte. Eg har sendt etterlysning på face-book om nokon veit noko om denne. Ut frå ei fiskebok må det vere"tagg-makrell", og er visst sjeldan i Midt-Norge. John Gudmund har allerede svart på fjes-boka og meiner det kan vere ein fisk. Kanskje har han rett. Vil gjerne ha fleire tips eller erfaringar med denne fisken.fredag 10. september 2010
Dåp i Malm.
29.august vart Signe Elise døpt i Malm kirke. Vi fekk også kome til eit hus som var så nytt at det ikkje var heilt ferdig ein gong.
Dåp i Malm kirke.
Eiliv og Cecilie lagar show for kvarandre og dei som sit rundt.
Her kjem ein serie med bilete sett saman med programmet "Photo-Story" og med tilsatt svært velbrukt musikk.
Her kjem ein serie med bilete sett saman med programmet "Photo-Story" og med tilsatt svært velbrukt musikk.
Smøla.
Før skulestart tok vi ein campingtur ut til havgapet. Smøla har ein blanda "natur", og så kan det vere ulike meiningar om monstermaster på Smøla og i Hardanger. Vi gjekk i alle fall tur i vindmølleparken.

Her er vi komne fram til vindmølle 1. Der fann vi bl.a. ein flott edderkopp.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



Eiliv.