tysdag 12. oktober 2010

Aktiv haustferie.

I første del av haustferien var vi til Malm. I tillegg til å vere besteforeldre vart det og tid til å delta i alt det som skjer på garden - alt frå fjøsbygging til sortering av lam, men det vart visst ikkje med på bilete. Viser elles til at Marit har laga ny heimeside for salg av bl.a. saueskinn. Link til denne sida står på vår blogg, eller gå direkte til: http://www.bergvoll.no/
Stolt bestefar i lag med Signe.

Storebror og lillesøster.
Eiliv.

Signe og bestemor.
I siste del av haustferien var vi på ekteskapsweekend med "Familiefokus" knytta til "Ungdom i oppdrag" på Frænabu. Akkurat som gamle bilar bør på reparasjon, er det greit å sende eit 36 år gamalt ekteskap inn til service.
Her er vi på tur opp mot Sjurvarden. Vi ser ut mot Hustadvika.

1 kommentar:

Gunnveig sa...

Søte barn og en koselig høstferie!!:)