Det var kjekt å vere med på PUSH-fesivalen på Vestnes 14-16.sept. Det var ca. 120 ungdomar samla(+ca 80 konfirmantar på fredagskvelden) og det var kjekt og inspirerande å vere med. Kjekt å sjå barn og vordande svigerbarn i aksjon. Marie som sjefen over alle sjefar, Emma var sjef på kjøkkenet. Der var vi også med og trur vi gjorde litt nytte for oss. Nils Ingar spela piano i lovsongs-teamet og John Gudmund hadde blant mykje anna laga ein flott video om vårt misjonsansvar. Dei er flinke og vi gler oss over det.PUSH står for pray until something happens. Det var spesielt å vere med på bønevandringa på laurdagskvelden. Hadde dette vore for nokre år sidan ville vi bli rekna som katolikkar. Eg trur det er mykje verdifullt med å bruke lys og andre konkrete symbol.